Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Tytlands-fruo

Elen Sofia heitte ho og var dotter til den rike presten Morsing paa Hjelmeland. Ho budde paa Tytland og var so rik at det var ingen ende paa rikdomen; ho aatte heile Vormedalen i Hjelmeland og dertil 12 laupar i Suldal.

Ho var tvo gonger gift. Fyrste mannen hennar heitte Berge Tytland. Det gjekk stort ord av denne rike mannen; folk kom lange vegjer og vilde sjaa korleis han hadde det. Ein gong kom det ein sætisdøl til Tytland og banka paa døri. Ein mann kom og lét upp, og sætisdølen spurde um det var her Berg Tytland budde. — Jau visst var det so. — Ja, so sa daa han kva ærend han fór i; han hadde hug til aa sjaa den mannen som skulde vera so ubarmeleg rik. «Du fær koma inn daa,» sa han som stod innanfyre; «Berge Tytland, det er eg det.» Dette kunde sætisdølen ikkje tru; for mannen hadde ikkje anna en simple kvardagsklæde paa seg; men han gjekk daa med inn i stova korso. Berge gjekk av i eit anna rom og skifte paa seg dei beste klædi han aatte. So gjekk han inn att i stova, og daa sa sætisdølen: «Jau dette er Berge Tytland, det kann eg sjaa; men det var ein mann her ute i døri som laug fyr meg og sa det var han.»

Tytlands-fruo var rik, som sagt er, og dertil stor paa det, so det ikkje var maate paa. Alt paa garden skulde vera framifraa gildt. Kyrne skulde vera skinande fine og aldri svarte: svarte kyr tykte ho var for simpelt.

Ein gong var dei paa veg til kyrkje der innanfraa og fór paa ein baat som var ovlasta. Det var tiæringen deira Tytland, og Tytlands-fruo sat attarst i baaten. Ved aararne sat leiglendingarne deira fraa Vormedalen. Dei laut møta fram kvar preikesundag og ro tiæringen. Elles var der andre folk som hadde fenge lov til aa vera med paa baaten, og fremst i rongi sat ei fatigkjerring som den tid heldt seg der i grendi. Daa dei kom eit stykke fram paa Jøsenfjorden, rauk han upp med eit fult vér. Dei som hadde vit paa slike ting, sa at dette gjekk aldri vel; for dei var ov-ladde; det var visst ikkje onnor raad en aa kasta ut noko av lasti. «Ja kasta ut framantil,» sa Tytlands-fruo; slike fatigfolk var ikkje til noko gagn korso, lét ho. Men daa var det ei kjerring som sat noko framme i baaten; ho vart harm og meinte paa det at det var gudlaus tale dette, og ho maatte agta seg; «du er rik no,» sa ho; «men me veit ikkje kva som kann henda fyrr leidi lyktar; enno kann du verta fatig.» Men daa log Tytlands-fruo ein stygg haanslaatt; ho reiv ein gullring av fingeren, reiste seg upp i baaten og kasta ringen langt ut paa sjøen. Og so sa ho: «So umogelegt som det er at eg kann faa att denne ringen, likso umogelegt er det at eg kann verta fatig.»

Ikkje rettare en eg veit, so kom dei fram med heile farmen og turvte ikkje kasta nokon paa sjoen; men det var ikkje lengje etterpaa fyrr han Berge, mannen hennar, døydde. Seinare vart ho gift med ein annan, og daa tok det snart til aa ganga til atters med Tytlands-fruo. Ein dag kom ein fiskar til Tytland og baud henne noko fisk. Ho kjøpte fisken, og daa dei riste han upp, fann dei inni ein av fiskarne den gullringen som ho hadde hivt paa sjøen. Soleis kom ringen atter, og fatigdomen kom snart, den og; ho vart so fatig som noko menne kann verta. Ho budde i det seinaste i ei ring hytta ned-ved sjøen og hadde ingen ting aa hjelpa seg med, anna en ei ku som folk hadde hjelpt henne til med; men den var svart.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *