Internt referansenummer: Bok-07. april-2020
Kilde:
GAMLE BYGDEVEGEN
FINNSKOGFORTELLINGER
Av: ÅSTA HOLTH
FORLAGT AV
ARTHUR ROSÉN AS
OSLO 1944

Ufred på Finnskogen

NB! bildet er kun et illustrasjonsbilde. Bildet er et utsnitt av et maleri som er malt av Bruno Liljefors.

Finner og bygdefolk gjerde kvarandre dei peka dei kunne. Ein sommar fann bygdefolket at det var mindre mjølk i kuene enn vanleg. Breibybonden var den fyrste som merkte det. Men når dei tenkte seg om nokon kvar, så fann dei at det var slik. Mindre i år enn i fjor. Det kunne vera hamna om å gjera, men såvidt dei kunne skjøne var den så god som nokon gong. Det var sikkert at det var finnpakket oppi skoggrenda som var skuld i det. Dei skulle ha noko dei kalla mjølkepuke som fôr og saug krøtra.

Breibybonden var iser harm på Illatupafolket. Det var han som hadde kjøpt bråtelandet hans Anders Illatupa. Ikkje av Anders, men av ein som hadde kjøpt all skogen omkring av staten. At ein eller annan Anti Antinen hadde fått papir på denne jorda for vel hundre år sia, det var gått i glømmeboka. Papira var borte. Anders kunne berre hugse at far hans hadde sagt at han hadde sett dei ein gong. Det var alt, og det dugde ikkje. Nå var det så si sak å vera uvenner med finnfolket. Men Breibygubben hadde råd til å miste ei ku iblant, berre han fekk viljen sin fram.

Breibymoen hette ein plass under Breiby. Båna som vaks opp der var like bleike og traset som dei i Illatupa. Mannen var utsliten av tungt pliktarbeid på Breiby, kona likeeins. Slo den vesle avlinga dommes feil eit år, så laut dei få dess meir frå Breiby, og slite tilsvarande meir. Men det var finnerne som var skuld i at avlinga vart dårleg. Dei trolla både på plassen og garden. Dei laga underlege stjerner og teikn på reidskapen sin og hadde myu rart for seg. Breibydrengen hadde vøri inne i Illatupa ein dag, da heldt Anders på å laga ei rar salve i ein butt. Mulla og les gjorde han, og så smilte han til drengen og spurde om han ville ha, litt på auga sine. At det berre var smurning for såre kuspener; det visste ikkje drengen, og Anders skulle vera den siste til å ta frå han trua hans om at det var trollsalve.

Pratet gikk om finnblåst og mjølkepuker. Og da bjønnen slo ei ku for ein av bøndene kokte det over. Attpå alt hadde Anders rivi opp unge granplanter i dei gamle bråtene og hadde sådd nepefrø og rug. Det gikk ikkje an å ta seg slik til rettes på annan manns lovleg kjøpte eigendom. Nå skulle finnpakket ut, det var alle samde om.

Det stod ein flokk framfor den vesle grå stugua. Det var husmenner og drenger dei fleste. Det var grovarbeid som skulle gjeras. Like fattige og forkuva var dei alle. Ikkje alle var like hjerta på å gå igang når det kom til stykket. Dei skulda på at dei, var redd trolldomskunstene åt finnfolket. Men så var det ein som sa:
– Hå er det vi står her og akkederer etter? Stugua er tom, vi river a ned.

Stigen stod oppetter veggen som tillaga. Opp på taket bar det med karen. Han reiv og drog i torv og næver.
– Nei – de får itte!

Skriket kom frå nokre kvinnfolk som stod litt unna. Ein annan mann som var på veg opp etter stigen stanste litt. Med samme small det eit skott. Mannen på taket krøkte seg ihop som han hadde mageknip, og rulla ut¬for. Karane såg skræmde på kvarandre. Det låg finner og skaut i skogkanten – og her stod dei og var berre væpna med kniver.

Trond og vesle-Anders hadde vøri i skogen med børsa. Da dei kom nær heimen sin såg dei kva som gikk for seg. Det var Trond som skaut. Det hadde kommi eit fælsleg sinne over han. Han kjende som noko sto knuter på seg over alt, i bringa, i kinna. Han vørde ikkje at broren kviskra vettskræmd:
– Skjut itte – skjut itte!

Han skaut. Så ga han børsa til broren.
– Spring ned til Bakka med børsa! Ingen må sjå deg. Fort — for svarte!

Tolvåringen gret og sprang. Trond var kald nå. Han gikk rolig fram.
– Skal de rive ned stugua før øss au nå?

Dei stod i ring om den skotne.
– Var det du som skaut?
– Det smeller itte tå finnskøtt sa Trond kaldt.

Han såg ut slik i auga at dei var redd han. Dei ymta om at nokon burde gå og leite etter børse på den kanten Trond kom i frå. Men ingen ville vera den som gikk. Men det var lite trulig at det var Trond. Han kom like etter at skottet fall. Så modig var ikkje ein gutonge.

Dei hadde endeleg fått laga ei bår og gått nedover att. Berre ei gjente stod att hos Trond.

Det var Kari Breibymoen som hadde skriki. Ho hadde tykt det var for fælt. Stugua såg så lita og fattig ut, for stakkarsleg til å ta hemn på.

Trond og Kari stod og såg på kvarandre. Spaninga var over for Trond. Å skyte ein mann, det tok på ein søttenåring, sjøl om han var finne. Han la seg med hugu i armane. Om litt kjende han hånda til Kari i håret sitt
– Kan de itte fløtte her i frå? prøvde ho veikt.
– Håffør vil de jaga øss? sa han hardt.
– De fer så stygt med skogen…
– Har itte Breibyn nukk? Eller kanskje han vil ha lidt å gi far din?
Så inmari det gikk an å vera i målet. Ho hadde ingen ting å segja.
Litt etter sa han:
– Så lenge det itte var pris på skog fekk vi vera i fred.
– Men de ler itte øss vera i fred! braut ho ut. De suger kuene våre og setter bjønn på dom og…

Trond heiv seg opp på albogen og såg på henne.

Er du så nauta dom så du trur på slikt? Auga hennes vart store. Var det ikkje sant?

– Men – men de setter da stjerner og teikn på all ting, og leser og…
– Ja, og de legger stål i vaugga og måler kross over fjøsdøra – just som vi! braut Trond henne av.

Han laut le og. Gammelgubbane hadde kanskje lesi og blesi og skapa seg i meste laget. Men det hadde gjort bra verknad.

– Men er det slettes itte sant at de har sendt uløkker over øss?

Det var ikkje lett for Kari å sleppe ei tru som var banka så godt inn. Trond lo.

– Da Anders og je var små fant vi alle konglekuene våre spreidd ut over og trampa på ein gong. Vi trudde fullt og fast at det var baggen som hadde vøri ute. Bagga var skuld i at vi svalt og åt syresuppe. Ja dom var skuld i alle uløkker!

Den fæle sanninga gikk opp for Kari: Båe parter hata og misunnte kvarandre, ofte utan grunn! Hemn på hemn, ingen visste kor det hadde begynt. Ovtrua var like stor på båe sider, hatet og!

– Å Trond – om vi kunne gjera slut på det!

Ho la seg ned mot han. Det fall så naturleg, det stod for henne at det laut bli dei to som fyrst bytte hatet med kjærleik. Det var berre noko ho gjerne ville ha spurt om, men ho torde ikkje. Og for resten så var det nokk ikkje Trond som skaut.

Nei, kven som hadde skøti, det kom aldri for dagen. Kari og Trond levde bra ihop, hennes og hans folk lærde å omgås kvarandre. Det var sjeldan ho såg han sint, men når det hende ein enkel gong, da gikk det kaldt i henne at han kunne nokk drepa eit mennskje! Slike stunder tenkte ho: Det var Trond likevel. Og ho kjende seg sjuk. Det hende ein liten ting ein dag. Trond hadde sett opp fuglekasse i bjørka. Eit fuglesnapparpar streva og gjorde reir der. Så kom det ein grå fugl som likna mest ein liten hakkespett og reiv reiret ut. Det vesle paret fôr ville rundt og skreik. Da tok Trond børsa og skaut røvaren. Det var berre ein liten fugl – men slik hadde Kari sett ansiktet hans ein gong før! Det gikk rundt for henne, ho laut halde seg i kjøkenbenken. Men så stramma ho seg opp. Ho sa til seg sjøl at fuglen som reiv sund reiret hadde mint han om dette som hende for mange år sia. Det var difor han var så vill i ansiktet. Ho ville glømme det.

Men nokre år etter var dei på ein auksjon nede i bygda. Å – hatet var ikkje daudt ennå! Kari såg med redsle at det vakna att når karane fekk litt å drikke. Sneiorda sveiv i lufta mot Trond. Nokre karar ville snakke bort uhugga og tok til å prata om jakt. Det var tia å ta tiuren på spell nå.
– Du har full skøti mange fjørhanar, Trond? var det ein som sa. Trond hadde vørti slik i auga som han kunne bli somme tider.
– Ja, je har skøti fjørhana med tenner au, je! sa han kaldt. Det var tyst i flokken. Alle hugste. Men dei tenkte som så: La det vera glømt. Grav itte opp i ting som er til skam og skade for alle parter. Og auga hans bad dei tydeleg passe seg.

Men Kani var sjuk etterpå. Trond visste kanskje kva som gjorde henne så still og bleik, men han sa ingen ting på lenge. Men så kom det stilt ein dag:
– Hå er det på ferd med deg?
Han var god i målet. Det var ikkje lett å vera Kari. Men det var så, myu som laut gravas ned om hatet nokon gong skulle sleppe taket i folk. Så skulle ikkje ein gong ho greie å glømme?
– Je vil itte tenke på det, Trond — kviskra ho og snudde seg mot han. Båe såg for seg same synet: Mannen som krøkte seg i hop og rulla. Ho kjende at hendene hans skalv og skjønte at han hadde nokk å bera på. Stakkars guten! Det lyste noko opp inni henne: Ho kunne hjelpe han å bera det fram. Ho såg opp og smilte.

Så staullete je er au ! Forresten var det itte ein fjørhana, men ein hakkspett. Kom og få deg mat!

Det såg ut som Trond hadde lagt av seg børa da han gikk etter henne til kjøknet.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *