Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for å lese om Arne Haugen


Ulukke når grani vart hoggi

(Arne Haugen har og noko på hjarta)


I Nerre Espeli'n stod det ei stor gran norda husi, bort på ein høg bekkekant. Ei finnekjerring hadde ein gong spått, at den bonden i Espeli'n som hogg ned denne grani, skulde bli ute for ei fæl ulukke, anten han sjølv, garden eller krøteri på garden.

Grani stod til ho rotna ned, ho. Då vart restene av henne tekne til ved.

Men ei tid etter datt det ein hest der på garden ut over ei låvebru og slo seg i hel. Det hadde vel ikkje nokon samanheng med grani, men det er neimen ikkje godt å vita.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *