Internt referansenummer: 23.03.09 – A
Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER
Lars M. Fjellstad
I GRENDOM
Folkeminne frå Eidskog III
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 98
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1966
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Lars M. Fjellstad

 

Ulv på Gjuvberget på Vest-Fjellskogen

I Gjuvberget på Vest-Fjellskogen heldt det til gråbein gamalt. Men han Tore Nordtjennmoen fekk dei til å sky denne staden, om det ikkje akkurat var på nokon pen måte. Han fekk tak i ein ulveunge der og flådde den levande, og deretter batt han denne stakkaren til ein granlegg. — Ikkje lenge etter kom gråbeinmora fram og tok ungen, som skreik og bar seg meir enn ille. Ho sette over Damgjordet med han i kjeften. Men etter dette vart gråbeinen reint borte der. Staden der gråbeinen heldt til kallast ennå for «Ulvehiet». Han Tore skulle vera så god til å herme etter gråbeinen og narra den til seg på denne måten.

Vestan Høyby hadde han ei ulvestue, og der let han bikkja si stå som lokkmat for desse villdyra, Og han tok rett mange ulvar i denne stua.

Vi har prøvd å komme i kontakt med slektninger eller etterkommere etter Lars M. Fjellstad uten hell. Hvis noen som leser dette, kan komme med opplysninger som fører til at vi kan komme i kontakt med slektninger eller etterkommere, setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.