Internt referansenummer: 30.11.2014 – BOK
Kilde:
Bjørn og varg i Selbu og Tydal
Utgitt av Selbu og Tydal Historielag
Illustrert av Kolbjørn Lien
I kommisjon hos F. Bruns Bokhandel Forlag
Trondheim 1963

Ulven ville inn

Nedskrevet av lærer J. AFTRET

Bildet er kun et illustrasjonsbilde

 

Ein kald vinterkveld for omlag 80 år sidan vart hunden i Testingarden så reint styrin uti garden. Han gnall og gjødde så det hørtes mest ut som det sto om livet. Så kom han inn i gangen, og dei inne skjønte at han ville inn. Så var det ein som let opp døra, og då smatt hunden fort inn. Men det var ein ulv i hælane på hunden, og han ville etter inn. Han fekk ikkje meir enn hovudet inn, så klemte dei døra att, og han sat fast. Mannen i Testingarden heitte Renald den gongen. Dei hadde tatt inn nokre store vedskier til å leggja på gruva om kvelden, og Renald tok ei av dei største skiene og slo ulven i hel i dørglytten.

(Fortalt av O. J. Aftret, Slind.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *