Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

Ulvesoger frå Omland

Far min, Andreas A. Omland, har fortalt at bestefaren hans, som heitte Lars A. Omland, hadde ei soge om ein ulv som hadde kome seg opp på taket til uthuset. Det var i den tid uthusa var låge og små med flatt tak. Midt i taket var det ein ljore. Ulven hadde kome seg ned gjennom ljoren og inn til dyra i floren. Der hadde han gjort mykje ugagn. Men ulven kom seg ikkje ut av floren att, og då folk kom ut om morgonen, sat han blant dyra. Soga seier at ulven måtte bøte med livet.

Bestefar min, Abraham Omland, fortalde ei soge frå den tida det var ulvar i bygda. Hendinga er frå heimegarden Slettevoll på Omland. Huset på garden var gammalt og lågt. I stova stod det ein benk under vindauga. Der låg det ein gut og ei jente og sov. Det var nysnø ute, og om morgonen kunne folka i huset sjå korleis ulven hadde lagt framlabbane på vannbordet og sett på ungane inn gjennom vindauget.

Arnold Omland

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *