Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”


Ulvestad i Volda

I Hansgarden var nokre bjelkar i stova som var måla roser på. Her skulle vera påmåla bokstavar på latin. Gregarsen tydde dei slik: «Gud bevare din indgang og din udgang frå nu og til evig tid». Klaus Ulvestad har i takfjølene lagt ned nokre rosemåla fjøler som skal vere frå Korshuset på Ulvestad. Det er seks fjøler av ymse lengde. Etter naglehola som har vore bruka til å feste fjølene, har dei vore to gonger i hus. Eldste gongen viser målinga på fjølene inn til sperrene og er 85 cm. Siste naglhola er 66 cm. mellom naglane. Rosene er i raude ruter 60 cm. i ytre kant. Råma er fire cm. brei. Rosene har vore mellom sperrene og det har ikkje vore like langt mellom sperrene.

2. Kyrkjegarden på Ulvestad låg utanfor elva. Ein gong tok vassflaumen kyrkjegarden. Dei såg kor kistefjølene fylgde med elveflaumen og kjende liklukta, og det var funnen ein hovudskalle då elva gjekk ned att. Der vart funne ein liten kross av tinn som vart lagd på brøstet til ei kvinne som vart gravlagd seinare. To steinar var funne i ein haug som var kalla Lisjebakken. Desse steinane var sikkert eit oldfunn som hadde vore bruka til eitkvart. Då dei grov lødetomt hos Erik Larsson Ulvestad, fann dei nedi auren ei hole kring to m. Der låg kol og jarnbitar, smiesinder og ei mengde heinar av ymse skap.

Korshuset stod der dei no kalla Korsåkeren, og her var to kjelder med heilag vatn, Pess-sålebota og Hanssålebota. Her er gjort mange funn av jarnstykke som liknar på pilespissar.

3. Ei sunnmørsfele med seks strenger syner eit overlag godt felemakar-arbeid. Grunnfargen er matt brun. Tonebrettet er innlagt kvitt bein og svart ved. Inni klangbotnen stend Elling Løfold 1725. Fela er ein arv frå Klaus Høydal og Kona Gudrid J. Bjørkedal som kom til Ulvestad kring 1809. Fela hev ein fast hovud-tone.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.