Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Ulykka på Sognefjellet i 1813 og andre ulykker

Sist i april reiste 6 menn over til Sogn etter såkorn. Dei omkom alle i Preststeinbakkom*1). Dei seks var Ola Erikson Gaupar, 59 år, Nils Rasmusson Runningshaugen, 59 år, Martin Brenna, 49 år, Trond Pedersen Elvesæter, 38 år, Guttorm Mikkalsen Vurvold, 33 år og Ola Olson Slålien, 20 år.

Eg hugsar det vart oppreist 6 små steinar på staden der dei låg. Om det simple minnesmerket er der ennå, veit eg ikkje.

Sør for Løkøye er det eit stelle dei kallar Viborg-spranget. Det skulle vera ein skulelærar Viborg som sprang på elva der.

Utanfor Aukrust drukna ein mann for vel 100 år sidan. Mannen heitte Trondson, og staden heiter Trondsonhølen.

På baksida, ikkje langt frå der Trondson drukna, gjekk Livø Engjom seg på elva. Ho var svært gamal. Ho gjekk ut frå Vågåsar seint um kvelden, og hadde ikkje funne inn att. Da det lyste i glasom på solsida, meinte dei at ho hadde sett det og gått etter ljoset, og såleis vingla ho seg ut i elva.

I 1901 var det ein gut frå Ofigsbøstugun som omkom ved vådeskot. Han tok ei børse og ville smelle ei hette, men han visste ikkje at børsa var ladd. Da han klemde åv, rivna børspipa, og han fekk ein del av ho i skallen og døydde eit par timar etterpå.

Ikring 1864 var det ei ung jente frå Magnus-stugun som skulle gå, over ei provisorisk bru uttafor Kverhaugen. Ho datt utfor og drukna. Mora høyrde ho skreik om hjelp kveld etter kveld i langsamleg tid.

Sist i 1850 eller fyrst i 1860-årom skulle Jens Jensen Maurøygard (eller Nordre Runningen) grava leir i ei leirholo ved garden Kvåle i Bøverdalen. Leirhola rasa saman, og Jens omkom.

I 1886 bleiv ei 3 års jente, Anna R. Kvamsøygard, i kjelda der.

Klara, dotter til Pål Forberg på Glimsdal, brende seg i hel på sætra i 1904 eller 5. Eldri, syster til Klara, var budeie. Ho lokka kue ein morgon, da Klara kom for nær varmen i skorsteinen. Kleda tok fyr, og jenta døydde av brannsåra.

Ein Per Kolvangen reiste i Lauva i Visdalen i 1860-70 årom.

Jo Slettede reiste utover Dugurdsmål-kampen og slo seg i hel. Ein dei kalla Grå-Lars døydde, så vidt eg veit, av insektstikk i Elvesætermorka, — eg veit ikkje når.

I 1904 vart Tore S. og Tore T. Skamsdalen (far og son) slegne i hel av steinsprang i Nyhus på Runningom. Tore T. gjekk las for presten den sumaren.

I 1912 eller 13 bleiv Olav T. Skamsdalen i Bøvre. Han datt av lasset han sat på, og datt i elve frå
bru’n.

I 1860-åra bleiv budeia i prestegarden. Ho bar vatn frå Bøvra, og da ho skulle demble i bytta i ei våk (råk) i isen, var straumen så sterk at han drog jenta ut i våkje og under isen.

*1) Andre seier at det hende ved Krosshø. Det skal væra innhoggen ein kross på høgste Krosshø til minne um det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *