Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Ulykka utfor Juldagen

I januar 1865 hende det ei ulykke som gjorde eit sterkt inntrykk over alt i bygda. Ein godversdag rodde to av konene i Gryllefjord oppover til Torsken for å renne ein vev. Det var Karen Margrete som var gift med Hans Petter Samuelsen, og Oline som var gift med Simon Estensen. I femtida om ettermiddagen var dei ferdige med arbeidet og gjekk i båten, men blei borte på heimvegen.

Korleis ulykka hadde gått føre seg, veit ein ikkje sikkert. Men folk trudde at del måtte ha rodd seg på ein av steinane utfor fjellet Juldagen, og så hadde båten gått rundt. Vinden fall av Osteren om natta, og om morgonen fann dei båten og begge lika i fjæra i Barbogen, der mora og søstera til Karen budde.

Både Karen og Oline var i trettiåra, og begge gjekk med barn, så det var fire liv som kom bort den gongen, sa den gamle mannen som fortalde dette.

Den steinen som folk trur var årsak til ulykka, blei sidan kalt Kjerringsteinen.

Sokneprest Holmboe i Berg skreiv ei lang melding til biskoppen om denne tragiske hendinga, og der fortel han også at same kvelden dette gjekk føre seg, var mannen til den eine av konene og bror hans i havsnød utafor Månesodden. Ein sjø hadde fylt båten, men etter mykje slit klarte dei å lense han og berge seg i land. Utpå natta kom dei heim og fekk det triste budet at konene hadde sett livet til.

Soknepresten seier til slutt at hendinga er eit vitnemål om dei harde vilkår folket ute i Senja hadde.
(Arthur Brox)


I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *