Internt referansenummer: 14.03.2011 – Mail
Kilde:
”Gamalt og nytt frå Nissedal”
Nissedal Historielag

Ulykke – Våren 1945

På Tjønnefoss var det ei brakke, vakthytte og utkikkstårn under krigen. Tårnet var for å sjå om det kom allierte fly. Området var gjerda inn med piggtråd og skilt var sett opp for å varsle folk om at miner var lagt ut på området. Alt dette blei ståande urørt ei stond etter krigen.

Same sumaren som krigen slutta gjekk Knut Grimstveit og Jørgen Simonsen forbi leiren, og dei fann ut at dei ville inn og kikke. Dei brydde seg lite om skilta og piggtråden. Dei kleiv yve gjerdet begge to, Knut føre og Jørgen etter i same spora. Det måtte gå gale. Ei mine gjekk av og Knut blei skadd og kom på sjukehuset i hu og hast. Jørgen Simonsen som var lur nok til å gå bak naua ingen ting, og kom i frå det utan skader. Men då det small blos hatten av han, og under tumultene etterpå blei hatten gløymd att. Dei høyrde smellet heilt ned på saga, så Knut fekk hjelp med ei gong.

Dagen etter for Hans Lavrantsen forbi, og han hadde ikkje høyrd noko om ulykka dagen før. Han fekk auge på hatten, og tenkte som så at det konne vel ikkje vere så farleg å klatre inn, og ein hatt hadde han bruk for. Det gjekk som det gjekk for dei andre som var der dagen før, og atter høyrde dei eit smell nede på saga. Hans kom seg ved eiga hjelp og sat oppe i heia ovanfor Midttun å ropa, medan han heldt opp restane av buksa, som var blitt  fillete heilt opp til knea. Og atter kom der ein mann frå Tjønnefoss på sjukehuset. Hans var ikkje av den slagen som vaska seg i ti og uti men då han kom på sjukehuset måtte han det om han ville eller ikkje. Då dei vaska han nedantil utbraut han ”å der som ikkje må kome vatn”

Hans var ikkje noko til å arbeide etter ulykka, så han fekk ein liten krigspensjon til å klare seg på. Etter krigen blei Hans buande i det vesle vakthytta. Utkikkstårnet blei riven straks etter krigen, mens brakkene brann ned på midten av 60-talet, etter å ha husa mange forskjellige familiar. Vakthytta stend fremdeles.

Hans fekk på den tida, den beste legen, Dr Rocher. Han forstod vel korleis det var stelt med han privat, så det var som fekk ordna ei lita trygd til han. Som ei lita takk for dette plukka han kvar haust ei bytte med tyttebær og sende ned til Arendal. Hans sa fleire vendur: ”Det var mina som berga livet mitt”.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *