Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK

Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Ulykker når dei sonda

sonde
Seterreise 17. juni 1940 — dei «sondar» over Ottaelva før brua kom. Det er Rust som skal til Smådalen. Personane i ferja er Pål Rust, Edv. Svein, Iva Brenna, Ragnhild Rust, Erland Rust, Per Skjerpingstad, Rasmus Rust og Tordis Rust. Jo Rust — som tok fotografiet — hadde kome over før med hest og lass.

Nils Akslen heldt seg helst til Bøverdalen i denne lista han skreiv opp over ulykker.

To drukningsulykker i Nørdre Lia krevde mange dødsoffer. Den eine hende i 1837, den andre i 1907.

Eg hugsar godt den siste ulykka. Eg gjekk på folkeskulen da, og vi fekk som stiloppgåve å skrive om hendinga.

Båe desse ulykkene skjedde da dei skulle frakte buskapen over Otta-elva på tur til eller frå setra. Dei kalla dette for å sonde.

«Samtlige disse 5 omkom ved at sætte en Del Qvæg over Otta,» står det i Kyrkjeboka.

Dei 5 var:
Gaardmand Sevald Syvergaard, (48 aar.)
Gaardmandsdatter Gunhild Sevaldsdatter Syvergaard, (22 aar.)
Gaardmand Torger Engebretsen Gaugstad, (27 aar.)
Gaardmandsdatter Torø Hansdatter Botten, (18 aar.)
Husmand Ellef Andersen Kolden, (49 aar.)

Ved ulykka 17. juni i 1907 omkom desse:

Eili A. Haugen, Ola R. Haugen, Lovise L. Bakken og Anne Bakken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *