Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

Ulykker på Kvinesheia

Didrik Hegermann Brochmann var prest i Kvinesdal 1841 — 1856. Han skreiv til departementet i 1854 at i hans embetstid har 4 vaksne menneske omkome på Kvinesheia. ”Blant naturhindringer må værlaget om vinteren ansees for en av de største. Et ualmindelig bitende snefog finner meget hyppig sted her, og i sådant vær er det livsfarlig enda for voksne mennesker å være ute, især på heiene.”

Her er namna på dei 4 som omkom:

Gunder Olsen Steinsland omkom i 1844 — 65 år gamal. Om han skreiv Brochmann: «Han forsvant sporløst inden Børnene kom for at søge efter ham. Retsforhør optoges, og selv dette gav anledning til et Menneskes død, da et av Vidnerne begroves under et Sneskred, men den savnede Mand fant man ikke før Foråret kom, da stod han i en Snefond bag sin egen Lade».

Gunder Steinsland skulle gå til naboen og låna tobakk. Han kom bare bak uthuset. Då blei han ståande fast i snøfonna. Snøveret var så svært at han snøa ned, og stod i snøfonna frå 6. januar og til 10 mai.

Det blei rettsak og fleire vitne var innkalla. Det eine vitne var Nils Tollaksen Møgedal, født Eiesland i Fjotland 1809. Han omkom i eit snøras i Den tronge dalen, mellom Løland og Ystestøl. Det er den einaste eg har funne i kyrkjebøkene i Kvinesdal som har omkome i snøras. Knut Kalstøl blei og med i snøraset, men han kom frå det med livet, men han blei gåande som ein halt stakkar sålenge han levde.

Tønnes Ommundsen Kalstøl fraus i hel i 1851. Han var bror til Knut Kalstøl. Tønnes hadde vore i kyrkje i Eiken og fraus i hel på Gunforsmonen på heimvegen.

Hans Knudsen Ribås fraus i hel i 1852. Dei fann han att på autsida av Fossevatnet. Han var på veg til Ågedal. Dette er dei 4 som presten nemner.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *