Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud


Um gifting

(Hjå Andres Olson Grefsrud)


Når det i gamle dagar vart avtala gifting, var det um å gjera at godtfolk skulde godtfolk ha. Oftast var det foreldri som tala til giftingi. Båe foreldre-par sette då fast ein sum, brøtpenga dei kalla, som skulde ut, i fall nokon braut avtalen.

Det hende likevel ofte at dei truga til seg den dei vilde ha til kjerring. Ja, guten kunde ta ho med makt. Men fredelege avtalor um giftarmålet var det vanlege.

Morsyster mi, Ingrid Fauske, vart trulova med ein tå Gausåk i Nord-Aurdal. Det vart då sett upp tredsenstjue dalar i brøtpengar. Den dagen rette trulovingsgildet skulde ha stade på Fauske, gjorde Fauske-mannen husmannen sin i veg til Gausåk med uppslag. Dagen før hadde det kome ein tå Ulve, Erik Ulve heitte han, til Fauske. Han vilde ha gjenta. Men Fauskin laut ut med brøtpengane. Han måtte ogso gjeva Gausåk-mannen bot for det han hadde butt seg til trulovingsgildet. Hundre dalar laut Fauskin ut med i alt.

Fauske-husmannen tala um at han vart vel motteken på Gausåk. Han fekk jamvel smaka rjomegrauten som var esla til sending til trulovingsgildet.

Denne uventa vendingi på giftarmålet kom nok ikkje so reint på slump, skal du høyre. Då ho Ingrid Fauske kom til verdi, var Ulvis-kjerringi — Sigrid heitte ho visst — på Fauske med rjomegraut, slik som skikken har vore like til den siste tidi, når born kjem til verdi. Erik, sonen hennar, fekk vera med. Han var då berre småguten, men han var då so mæt at han skyssa mor si. I samtalen der på Fauske skulde ho Ingrid ha sagt:

«E høyrde ho va komi te ver'n sonekøna mi. De me hadde e hug te sjå 'o,» la ho til.

Den guten som likte ei gjente, gav henne ei festegåve, ein sylvring, eit skålespenne eller anna. Likte gjenta guten, tok ho i mot gåva. Vilde ho ikkje vita av han, slo ho i mot. Fekk gjenta ei skålesylgje, skulde guten gjerne ha bringering hjå gjenta.

Gamle karar kunde gjerne gå med slike bringeringar som dei sjølve eller ein annan i ætti hadde fått i slik festegåve.

Trulovingsgildet vart alltid halde hjå den som ikkje flytte når dei vart gifte. Dette galdt både gut og gjente. Mat og drikke i slike trulovingsgilde var øl, brennevin, rjomegraut og elles mat av det som vart avla på garden. Næraste ætta var med i gildet.

I fasta og i den stille veka skulde ikkje nokon ha for seg korkje truloving, gifting og slett ikkje noko slag lag. Alt slikt skulde elles gå for seg på nye (d. e. når det var nymåne).

Når nokon var gift, og flytta inn i ein heim, skulde dei ha med seg heimafylgd. Ho var ofte laga til før det var tale um nokor truloving. Var heimafylgdi ikkje ferdig, laut ho i all fall vera det føre bryllaupet.

Gjente-heimafylgdi kunde vera:
vevreide,
rokk,
bryggjegang (d. e. bytte, holk, tynne og treft),
silingskjøreld,
sil,
dunseng,
feldar,
dunputor med stampereidt,
gult skinn til å ha dun i,
fint utkrota kvinnesal,
beisel,
ofte hest og andre kroter.

Elles var det kort etter seg. Ofte var det mange lass med alle slag eigedeilder frå slike som var fulle og rike.

Var det true tenarar, som hadde vore på ein gard lenge, fekk dei jamt hjelp av husbonden sin til å setja fot under eige bord. Husbonden gav dei då gjerne eit jordstykke til bu på. Trevyrke fekk dei til byggje hus tå. So fekk dei ein bykslesetel på det. Var det ein god plass dei fekk, var det ei stor ære å bli sett ned slik.

På Nøre Røn hadde dei sylvet, som vart brukt til brudstas, i vareign. Det var Røns-Ulvin som sist hadde det. Han leigde det ut til brudene. Dei svara ein dalar for kvar gong det vart brukt. Elles var det visst kyrkja som hadde ått sylvet frå fyrst av, og presten hadde innkoma av det. Difor sa kjømeisteren, han Nils i Kvålsbrøta, til presten Værnes, då det ein gong vart tala um brudesylvet:

«Der tafte presten ein dalar!»

Korleis sylvet kom or kyrkje-eign, veit eg ikkje, men det var vel godtfolk som ein gong hadde kjøpt det. — Det var berre dei brudene som hadde ført eit fint liv, som fekk bera brudesylvet.

Bryllaupi i den eldste tidi vara ei veke, men seinare var fire til fem dagar vanleg. Bryllaupi skulde — nett som trulovingsgildet — stå hjå den av brurfolki som sat roleg. Når bryllaupstidi var fastsett, sende dei ut ein bel, som bad til bryllaups. Han reid i gamal tid. Når belen kom fram, reid han inn til utdøri og banka i veggen med svipa til han fekk husens folk ut. So sa han fram med stort alvor den faste belebøni. No laut husbonden på stubburet etter eit spekekjøtstykke, som han hengde på salen. Belen tok so kvar av husens folk i handi og takka og bad dei vera vel møtt i bryllaupsgarden. Ofte var det her i Slidre ein husmann som vart nytta til bel. I Vang var det brudgomen sjølv. Dei bad vanleg ætti til og med trimenningar. So bad dei grendi. Stølsgrendi vart ogso rekna med når dei bad inn til bryllaups eller andre gjestebod.

Til alle lag — ogso bryllaup — hadde dei med seeding. Det gamle var at vilde dei ha stor seeding, skikka dei ho i vegen gjerne dagen føreåt.

Dei gamle akta vel på både konfirmasjonskledi og brudlaupskledi sine so lenge dei levde.

I dei eldste bryllaupi var det gjerne to spelemenn. Ein reid føre brudeferdi til kyrkja når vigsla skulde stå. Han spelte tak um til like til kyrkjegardsporten. Då stana han. Ein spelemann var att heme, og når han venta ferdi attende frå kyrkja, møtte han upp ute og liksom lokka bryllaupsfolki inn att med spelet sitt.

Brudeparet hadde med seg til kyrkja ein av dei likaste rjomegrautane. Denne gav dei presten. Han bad dei då gjerne inn, so dei fekk danse ein dans saman i prestegarden.

Då han gamle Torgeir Reie hadde bryllaup, var han Knut Rengjestad, som kom til Røn, og Teigstolen spelemenn. Teigstolen var med ved kyrkja, og Knut var att heime og let. Då brudeferdi kom att frå kyrkja, møtte han Knut på Rei-is-vange med fela og let. Teigstølen let med. Men før dei kom upp til Reie, hadde alle strengene på fela hans Knut sprunge.

«Å e du den kar'n!» sa han Knut då dei kom inn på Reie, «so sko mø prøvast.»

So sette han Knut nye strenger på fela si. Då det leid ut i bryllaupet — eg trur det var andre bryllaupsdagen — sette dei seg ved kvar sin bordsende med eit brennevinsglas med dram i fram¬for seg. Då let båe glasi frå seg, so dei kom til å byte glas. Dette sa han far, og han tente der på Reie då og såg og høyrde på. Det stod svært til gjetord av dette bryllaupet og dette felelætet.

Han Torgeir Reie fekk gifta si or Kvam i Vang. Bryllaupet stod um vinteren 1865. Spelemennene let difor med fingerløysor på seg. —

Regna det eller snøa på ein bryllaupsdag, var det eit godt mark. Då skulde det bli rikdom i brudehuset.

Det var raspande gale um brud eller brudgom snudde seg gale når del var vigde. Vende dei seg frå kvarandre var det verst.

I bryllaupi skulde ein kle bryllaupshuset inne med teppe. På brud og brudgom skulde alt vera nytt frå hovud til fot. —

Kjømeis'er hadde dei i alle bryllaup og andre lag. Han bad folk til bords. Då laga han det so at dei beste mennene og kvinnone fekk sitja attåt brud og brudgom. Kjømeisteren gjekk i den eldste tidi med ein stor, tung hatt på seg, ein blyhatt, dei kalla.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *