Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968
Utgitt første gang i 1868

Um haugafolk

Um ai haugtikin gjente

I gamle daga ai gong vart de inntiki ai liten gjente fyr noko folk på Styrkestad , å de skulde hendt, me'a dai buførde haimatt tå langstøle um hausten. Ho stunda då so te dai skulde sleppe haimatt, men ho totte de vart for drjugt, fyrr dai vorto rai'uge, so ho sprang berre å skura på far sin, at han måtte skunde se de meste han kunna.

Me'a han la'e klyvjadn på hestadn, kom de två guta, som vilde haimalt, å me dai skulde ho då få løv te fylgje haimigjøno, te hine nådde dai att. Då ho hoyrde, at ho fekk løv te å fylgje me dai karo, vart ho so figin, at ho sprang dansande å syngjande fram ette vegi snart fyri å snart ve si'a på dai två guto, å de vart inki langt bile, fyrr dai sino er augnesyn fyr dai, som voro ette på støle.

De va 'ki lang ti'e, fyrr dai me vorto rai'uge, men dai vore 'ki go te nå atte dai, som fyri vore, å alt dai oygta å stirde kunna dai inki sjå korki te gjentunn ell dai som voro me henne.

Endele komo dai på haimstølen, men her råka dai berre på gutadn, for gjenta va inki me, å helde inki hadde ho vore me på ai lang stund. Dai hadde ink' set te henne, sa'e dal, se'a dai vore ait noko stykki haima langstølen.

Då far åt gjentunn fekk hoyre, koss de hadde gingi, eva han se inki lengi, men tok upp tolekniven å skar klyvjadn tå gampo sine å tok den aine gampen å rai de meste han orka attende fyr å laite ette henne. Men han kunna inki finne ho atte. Endele funno dai veste huva henna hengjand på ain kvist i ain vier, å ain liten stav liggjand i ait diki. No skynte dai godt, koss de va tegingi, at ho måtte vera inntikin.

De vart prøvt alle mogolog rå'i fyr å få fat i bådne, men de munte inki. De va ai garnal rå, at når nokon va haugtikin, so skulde dai hava kyrkjeklukkudn på stella å ringje ette dai, då skulde haugatrølle vera tvingne te giva atte, de dai hadde tiki, men fyr desse folko hjølpte inki de helde. Ho va å vart burte å fannst alder att mair. Foreldrudn henna vorto ifrå dai ti'enn, som dai hadde vorte fåvetuge, å iser more.

Mange år otte vart ai syste åt desse gjentunn gift te Tune. Ain sumar fekk ho bi vare uppi brottunn ova garde ai kjering me grønstrindutte pløgg, som for der å syntest kå för. Hona gikk upp i te henne, å frega ho, kor ho va ifrå. Ho svara, at ho budde i dai store staine, som e ovafyr huso på Tune, å at ho va syste henna, å at ho ofto i mange år hadde gingi so tett utme henne, at døsafaldadn dairre hadde snudda innåt korare.

Men ille va de, sa'e ho, at folke vårt inki ringde mair en tvær gongu me kyrkjeklukko ette me, då e vart haugtikin, for hadde dai berre ringt den tre'a venda me, so hadde dai mått reki me utatte ifrå se.

Me di same ho hedde sagt dette, kvarv ho burt, å se'a såg ingen ho mair.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *