Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968
Utgitt første gang i 1868

Um jutlar å bergatroll

Um Sangejutullen

Dai gamle fortelja, at i fyriti'enn skulde de vore ain jutull, som hadde sitt tevære i Sangefjelle. På Strandaeggenn sto i gamal ti ain lang smal stain te skrås upp or jordenn, å nemme desse staine, som kallast Strandapile, e enno ain trillendes rund haug, å tett inn' åt dessa sto denne pile.

Søgne fortel, at denne pile e korne or Sangefjelle soiaise:

De va ai gong ai brudferd, som vilde sø'åt Ålskyrkjunn, å denne ferde rai då over Strandaeggi, tå di vegen låg derover i gamal ti; å då brudferde kom dit, hoyrde dai kyrkjeklukkudn ringje.

Sangemannen fekk no hoyre omen tå klukko, å vart te me vare desse brudferdenn. Han vart so rai ve dette, at han tok den svære lange stainen å la'e på sprettebogin sin, å klembde te skaut han ette ferdenn, teskrås over Strandafjorden, som e over ai mil. Men pile saig ne lite ne'afyr der, som bru'e å brugomen då ri’o, å baint inn i bakkin, å vart der standandes på sne'o i bakka.

So se'a gamle folk, som minnast, at ho sto der; men se'a vart ho ne'tikin å kjoyrd burtåt alt stugudydn på nørdre Brai'e å brukast enno te durahelle. Der e Strandapile te sjå denne dagen, som no e, um nokon vil åthuga på, koss ho e skapa å voren.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *