Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Um lindyrking og linarbeid


Eg hugsar vel at me dyrka lin heime på Flaten (ein plass) i Vestringsgardo. Han far fekk att noko linfrø hjå han Erik på Røvlingsmarken. Han hadde kjøpt det utanfor, på Flatbygdo. Før hadde me dyrka harp, men lin var finare. Dette var i 1860. Far sådde te ein åker. Utpå sumaren tok linet te blomstre so fint. Det var som det hadde lege ei fin, blå bleie utover åkeren.

Då linet vart skjert, lugga me det upp og la det ihop i små¬buntar. Dei var mindre enn kornband. Tvo slike la me i kross med rotenden og surra over ein bendill. So hengde me desse dobbeltbandi på staurar, eit band på kvar sida med toppen ned. Her hekk dei te dei var turre. Det var dei når linfrøet lett kunde gnuast or. So tok me bandi inn på låvegolvet og treskte dei. Linhalmen la me so i ein grei haug te um våren. Då tok me og breidde linet tunt og greitt utover marki i vonevis. Der låg det i sol og regn te det var fått. Me fådde det, som me sa. Sjølsagt la me det på slike stader der det ikkje voks noko vidare te gras. Her kunde det liggje mykje tå sumaren. Når den harde stylken som var inni linstrået, lett gjekk sund, var det fått nok. Um hausten bar me det inn i badstoga og turka det. Når det var høveleg turt, tok me det på bråke og bråka det. Bråki var ein kubbe som stod på tvo føter i eine enden, men låg nedpå jordi med hin. Dei brukte mykje attåt visse, kunnige kjerringar te bråke.

Sidan tok me linet på skokostolen og banka or alle agnene med ein lang trekniv, skokokniven. Når ein bunt linstrå hadde gått gjenom denne reida, la me han tvifald og vreid han saman som ein garnhespel. Dette kalla me ei brugde. Var det mange, vart det brugdo.

No bar det te med å hekla linet. Me vreid upp brugda, slo linet mot hekla og drog ut det lengste og finaste. Det kalla me hørr. Dette var sjølve finlinet. Det grøvste som var att, kalla me stru. Det finaste av dette spann dei og vov te strie. Av denne laga det striebuksor te karane, og so strieskjortor. Hørren tulla me ihop te vindilla. Når me vov linty, brukte me den finaste hørre te renning og det grøvste, strue, te veft.

Det aller simplaste, skokostruen, spann me på handtein te grov tråd. Linet kara me ikkje når me skulde spinna det. Me hakka det med karone og la grøypidn upp på strukrakin. Han stod i eit hol i rokken jamsides jamfruga og hadde tindane upp. Ein klatt stru vart kalla ein struvindill. Av tråden som vart tå skokostruen, la me reip. Det lange linet brukte me te dukar og fint linty. Me brukte det og te sytråd, netgarn og anna fint garn. Å jeie, eg har drive mykje med linarbeid. Det var i grunnen eit vondt arbeid, for det gauv so or linet.

Endå te på plassane vart det dyrka lin. Eg veit han far avla lin trast før eg vart konfirmert. Og det er no ei 70 år sidan. På gardane sådde dei lin te kvart år. Eg hugsar at me som unge torvor gjekk ned te nedre Røvling, og såg på det fine linåkrane. På leirjordi der voks linet so godt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *