Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

 

Um matstellet

Um matstellet i Vestringsgardo ikr. 1860 fortalde ho dette:

Med eg var smågjente, var det å stå upp med soli um morgonen og vera på arbeid kl. ½5 og 5. Um sumaren var det å drive med onning o. likn. Vinterstid laut tenestgutane fyrst åt stallen og stelle hesten. Sidan bar det på låven te å treskje. Tenestgjentone laut åt fjøset. Me fekk ikkje ei mattugge i munnen før kl. 7. Då var det feredugurd: flatbrød, surprimvelling, litt smør og ost, stundom kjøt og flesk. Maten vart skifta. På Vestrebø var det ei liti smørskei åt kvar vaksen kar, ei skive søtost og ei skive geitost. Me hadde fri berre med me åt.

Fyrste økti føre feredugurden vart kalla feredugurdsøkti. Næste økti var dugurdsøkti, so nonsøkti eller middagsøkti som dei seier no, og tilslutt kveldsøkti. Dugurd var det kl. ½12: graut og sur kjellarmjølk. So kvilde me te kl. 1. Kl. 4 var det non: kan-tøffel, flatbrød med spekekjøt og litt spekeflesk eller kurv attåt. Sume gonger var det klubb, kjøtsuppe, ost, smør og ofte sild. No var det fri ein time. Te kveldsverd, kl. 8-9, var det atter graut og mjølk.

I Vestringsgardo trakterte dei kvarandre på stølen med lumpe som dei baka. Stundom steikte dei vaffel og åt rjøme attåt. I den eldste tidi baka dei kakor tå vatn og mjøl og steikte dei på glohaugen, gløkake, dei kalla. So laga dei primkakor tå saup, vatn og mjøl. Deigen var so fast at dei baka kakone i handi. So slepte dei kakone ned i surprimet når dei kokte det åt. Når dei flaut upp, var dei kokte. Me åt primkakone med smør og ost på. Dei var so søte og gode, fordi dei var kokte i primet.

Ofte var det uår og smått med mat. Eit år det gjekk reint gale med potethausten, rispa me mykje hestesyrefrø. Dette turka me i soli. So strådde me det ned i maten saman med mjølet. Men best vart det når me kokte mest som ein graut av det. Denne blanda me i flatbrøddeigen. Brødet vart fælt so møyrt av det. Dette var vanleg matdrygsel endå te på store gardar. Eg veit me brukte dette hjå Anne Oppei, uti Aurdal, då eg var 25 år. Då hadde me hestesyrefrø i sumarbrødet. På heimåsvollane voks
denne syra so stor og fin. I uåri brukte dei ogso brød av furubark. Dei tok burt det ytste skrubberiet, og so skov dei av det undre fine borkelaget. Dei lange borkestrimlone vart so vatna ut. Deretter vart dei hengde upp te turk. Sidan var det å mala det. Folket vart so tjukke av dette brødet. Det var plent som dei aste ut i skrotten tå det. Men brødet vart so fint gult.

Eg hugsar og dei baka brød av drav. Dravet vart brukt te å auke flatbrøddeigen med. Dei nytta ogso hakka siljelauv te mat. Det kokte dei graut av og blanda litt mjøl i. Sidan baka dei brød av denne grauten. Lauvet brukte dei te øykn i brød og graut i staden for kantøffel no. Dette er ikkje eldre enn eg — som ei liti rove — hugsar dei brukte det både på gardane og plassane. Verst var det i naudår på plassane. Vanleg var det å mala salt og dytte kantøffel nedi. Dette gjorde tenest for eitt matmål. Du kunde by ungdomen slikt no! Dei trutt du var spika galen.
I 1861 var det eit slikt fælt naudår. Då hugsar eg at det var so trong tid, at mange spræke arbeidskarar var burte og arbeidde for maten. Sume smelingskjerringar tok ungane sine og strauk på stølen og bad um mat hjå budeione. Åtkokt surprim og mjølk vart då mykje nytta i staden for graut og mjølk.

Ofte spann husmannskjerringane for bein som folk på dei store gardane hadde gnage kjøtet av. På beini kokte dei sidan suppe åt seg og sine. Vel knuste bein brukte dei og te å blande i mjølet, so det skulle bli drugare. Men før det brukte beini soleis, måtte dei koke vel or fettet.

Det blir fortalt noko snodig um ein gamal mann på Åbjør. Dei kalla han endå Person. Han kom te Søre Hjelle med posen sin. Der var folk ikkje heime, so det var øyde inne på kjøkenet. Han var van ved å få noko mat stødt han var der. Dermed gjekk han burtåt mjølkjeraldet og tok seg ei skovl mjøl. Då han kom ut, møtte han kjerringi på garden.

– Du får nok gå innatt me du får de lite mjøl, sa kjerringi.
– Å, du ska ha so mange takk! E tok me nok lite, e, sa ‘n Knut Person. (Herme)..

No vilde eg gjerne ha greie på um ho Ragndi visste noko um trollkatt, haugafolk og arma slikt. Det var lett få ho på glid.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *