Kilde
GLYTT AV GODTFOLK
Einar Ullestad
Klikk her for å lese "Føreordet"
Rune Forlag, Trondheim 1971
Prenta av Nidaros Trykkeri
ISBN 82-523-0028-6

UNDER LØNAHORGI

Staup var ein liten brattlendt gard tett opptil sjølve Lønehorgi.
Oddmund som levde på garden, var kjend som ein skrue. Ungkar og
einebuar var han òg. Det var ikkje ofte framandfolk kom til Staup, men
hende det, vart dei alltid vel mottekne.

Han Eirik Løno formilde at nokre grendafolk kom til Staup ein sundag.
Då hadde han Oddmund kokt rjomegraut og bakt flatbrød. Dei vart alle
saman bedne til bords for å smaka på maten. Grauten var god, sa han
Erik, men flatbrødet var ein tomme tjukt og ikkje etandes.

Oppi utmarka hadde han bygt seg ein flor. Ikkje ein einaste spikar
hadde han nytta til den floren. Det var orr han brukte til material, og
stokkane hadde han nausta fint saman. Sume av stokkane vog bere eit par
kilo.

Lensmannen kom til Staup ein gong og skulle panta for skatten. Han
Oddmund var venteleg budd på denne vitjinga. For han hadde lagt dugeleg
med sprake i omnen og fyrt på, og det fylte heile stova med tett røyk.
Oddmund hadde gøymt seg, var ikkje å sjå nokon stad.

Lensmannen panta likevel kyra hans Oddmund, og den vart seinare seld.
Men Oddmund nekta plent å ta mot pengane som vart til overs då skatten
var greidd.

Den faste livretten hans Oddmund var graut, den var endefram å koka.
Når han skulle kjøpa seg havregryn, reiste han heilt til Granvin, eller
han gjekk til Vinje. Og han kjøpte berre 2 kilo om gongen. På
Vossevangen ville han ikkje handla, han meinte at havregrynet han fekk
der, var «forpesta». Det var i alle høve ikkje reint der, la han til.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *