Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Underjordingar på Borneset ved Øyungen

For 170 år sia kom Jo-kallen på Ystenget i Ålen til sætra si på Borneset ved Øyungen. Det var på seinhausten og dei hadde flytta heim med dyra. Han Jo hadde hest og vogn med seg – skulle henta resten av budråtten.

Da han kom vegen frametter mot vollen var det fullt av folk og stor buskap der. Det var småvorne kyr, men feite og fine var dei. Han skjøna at det var underjordingane som hadde flytta inn. Og ikkje visste han korleis han skulle gripa saka an.

Da han kom fram til vollen vart både småkallane og buskapen deira borte.

Han Jo tok ut det som var att i mastu, lesste på lass åt seg og kjørte heimetter.

–    ”No fæ dokk berre fløtt inn att,” sa han med det same han for.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *