Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

Underjordiske på Gunforsmonen

Dette er den største og beste utslåtta i bygda. Det er ein stor, flat mon som strekker seg frå Steinsvatn i vest til Fiskekjødn i aust. I sør ligg Mælingsknuten. Her er jord nok til fleire store gardar.

I Fjotlandsbok nr. 3 står at Olav Ånensen BryggesåGaldal, tenkte å rydda gard på Gunforsmonen. Det er synlig hustomt etter han i Sandveien på Gunforsmonen.

Denne monen høyrer til Steinsland og har grense med Fjotland i nord. Det har vore på tale å rydda veg til Gunforsmonen. Det er veg til Ystestøl og då er det ikkje så langt inn til Gunforsmonen.

I lang tid har folk frå Galdal og Knibestøl hatt utslåtter på Gunforsmonen.

I eldre tid var her svært gode utslåtter. Då var det ikkje lyngmon som det er idag. Dette var inga god utslåtte. Når folk skulle til med slåtten, så var der ikkje gras. Der hadde vore krøter og gnaga av kvart strå. Dette hende år etter år. Dei fekk ikkje høy nok til ein stakk på 8 byrer. Dei måtte firma ut kven det var som stal graset år etter år. Dei skulle overnatta i ei utjordsløa, men ein måtte halda vakt heila natta.

Då det lei ut på morgonsida, fekk dei sjå ein stor bøling med feite, store kyr som gjekk og åt gras. Nå fekk dei sjå kven det var som stal graset. Nå opna det seg ein stor port i Målingsknuten. Det kom ut ei fin jente og kalla krøtteret inn i fjellet. Dei hadde sett dei underjordiske.

Prof. Torleiv Hannaas fortel i boka «Vest-Agder», side 28, om eit bryllup hos dei underjordiske på Gunforsmonen. Eiel Fåland frå Hægebostad skulle gå over heia frå Hægebostad til Kvinesdal. Han ville til Kvinesdal og kjøpa seg hest. Då han kom til Gun-forsmonen, såg han store hus og rugåkrer over heile monen.

Han gjekk bort til huset, og spelemenn og kjøgemester kom ut og bad han inn. Då var der bryllup. Der var blanke messingnaglar på veggene til å henga skreppa hans på. Så sette dei han til bords. Eiel åt og drakk. Då han hadde ete, ville dei ha han til å dansa, men det ville han ikkje.

Så tok han ut att og ein mann følgde han utetter monen. Han spurte kor Eiel akta seg hen. Eiel sa at han skulle kjøpa seg hest. Då sa den framande: «Ja nå skal eg mest seia deg kor du kjem til å kjøpa hest. Det blir på Gjemlestad i Kvinesdal».

Så bau den framande farvel og snudde heim att. Då dei skildest og Eiel skulle sjå seg tilbake, var husa borte og der var bare slåttemark som før.

Eiel blei gift i Solbarm i 1723. (Bind 2 side 373). Slekta hans kan ein følgja til idag.

Tønnes Ommundsen Kalstøl kom over heia frå Eiken. Då han kom til Gunforsmonen, fekk han sjå eit raudmåla hus som han aldri hadde sett før. Ei fin smilande jente kom ut og baud Tønnes inn. Ho var kledd i blå stakk og rødt liv.

Tønnes blei traktert med mat og drikke. Han var på Gunforsmonen fleire gonger seinare, men såg aldri att huset.

Tønnes Ommundsen fraus i hel på Gunforsmonen i 1851. Då hadde han vore til kyrkje i Eiken.

Nokre folk frå Steinsland såg eingong eit stort, staselig brudefølgje med spelemann i spissen som rei over Gunforsmonen. Dei rei på kolsvarte hestar med blanke skinande sølvsalar. Følgjet tok opp gjennom Mælingsdalen og så blei dei borte i skogen.

Ein gut frå Steinsland var på jakt ein fin, mild haustdag. Det var litt skodde på fjellknattane, men elles klårt og stille. Då høyrde guten slik dårande kulokking i Gunforsdalen. Då fekk han sjå ein stor krøterflokk av svartsida og rødsida kyr. Men så kom skodda veltande ned over dalen og krøteret blei borte.

Etter Elias Espeland («Grannen» 1938)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *