Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

Underjordiske på Lindland

Tomine Hagen fortalte ei segn som er 300 år gamal frå Lindland. Vodju Lindland hadde alltid uhell med krøteret. Det hende ofte at kua braut av seg lårbeinet når ho skulle over dørsvilla.

Han blei heilt utarma og heldt på å måtte gå frå gard og grunn.

Ein dag var Vodju i byen og på gata møtte han ein underlig mann som kom og retta fram ei beinet hand og helsa. Det stod slik fælske av mannen, men Vodju var ikkje redd midt på bygata. «Eg har noko å seia deg», sa den framande. «Under dørsvilla i fjøset ditt ligg nedgrave eit kalvelår. Det ligg like ferskt som det var nyslakta. Du må grava til du finn låret, først må du riva opp svilla. Dette låret må du få bort. Så skal me bera til deg som me før har bore frå deg».

Så blei mannen borte. Han høyrde til dei underjordiske. Vodju gjorde som mannen hadde sagt og lykka fylgde han sidan.

Storågren på Lindland hadde den beste jorda på garden. Jorda her var dobbelt så god som på dei slette monane på austsida av bekken. Men når dei skulle til med slåtten, var her ikkje høy. Krøtteret på garden hadde ikkje vore inne på Storågren. Dei visste at det var kyrne til dei underjordiske som åt opp høyet, og det kunne dei ikkje verna seg mot. Det nytta ikkje å kasta stål over underjordskrøter som dei kunne med huldrej enter.

Ein mann frå Lindland skulle ut for seg sjølv om natta. Det var like før dei skulle til med slåtten. Då fekk han sjå ein stor flokk med feite kyr som gjekk og åt av det beste graset i Storågren. Så var det som heile krøterflokken sokk ned i jorda. Dei kom ikkje att meir.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *