Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

Underjordiske på Tjellås

Eide Gullestad døydde i 1952. Han åtte garden til Peder Netland på Gullestad. Mor til Eide var komen frå Homme i Gyland. Ho budde ei tid på Gullestad, og då var ho ofte på Homme. Då gjekk ho over heia veien om Tjellås. Her stod eit gamalt jorplehus. Her måtte ho stoppa lenge kvar gong ho gjekk franom. Det var alltid fin musikk å høyra frå dette jorplehuset. Det var dei underjordiske som heldt konsert, men ho høyrde ikkje kva dei spela på. Aldri hadde ho høyrt så fin musikk.

Dei underjordiske tala ikkje med folk. Oldefar til Ole Johan Gullestad var først gift med datter til sokneprest Wårum. Ho døydde ung, og Samuel Olsen blei gift 2. gong i 1840 med ei jente frå Træland.

Det var bare dårlig rideveg mellom Liknes og Træland på den tida. Då var det stor eikeskog i Åmodtslia. Samuel Olsen kom på hesteryggen. Då fekk han sjå ein underlig mann som sat i toppen av ei stor eik. Samuel ropa at mannen måtte koma ned, han ville tala med den framande. Mannen kom ned frå treet og bort til Samuel. Det var ein av dei underjordiske. Han sa ikkje eit ord, men kom bort og klappa hesten på ryggen. Det merkelige var at der han klappa hesten, datt håra av og det kom ikkje att hår seinare.

Etter Ole Johan Gullestad

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *