Internt referansenummer:B-000021
Kilde:
ATTERLJOM
Folkeminne frå smådalane kring Lindesnes
Av: Tore Bergstøl
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 82
OSLO 1959
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se liste over forteljarar som har bidratt til boka Atterljom

Underjordsfolk

I Kvåsåsen var det underjordsfolk


I Kvåsåsen var det underjordsfolk. Anne Kristina på Tjomsland, faster til forteljaren, Ola Tobias Moi, hadde ein gong hørt at desse underjordsfolkan ropte namnet hennar. Og dei fylgde henne omtrent ein halv fjerding ut etter dalen til ho kom til Grovå. Der slepte dei henne, men då hadde ho bore ein stor mjølkeamber i den eine handa så ho fekk vondt i armen så lenge ho levte. Ho hadde ikkje sansa å skifta hand.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *