Internt referansenummer:B-000021
Kilde:
ATTERLJOM
Folkeminne frå smådalane kring Lindesnes
Av: Tore Bergstøl
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 82
OSLO 1959
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se liste over forteljarar som har bidratt til boka Atterljom

Underjordsfolk

Leg Fladen i Vigmostad


Leg Fladen i Vigmostad var ein gong nede på Neset ved Risdalsva,nne og hogde ved. Det var om hausten, og Risdalsvanne hadde så vidt kasta over om notta. Så fekk han sett ein mann som kom gåande etter isen. Leg sto og såg på denne mannen eit bel og venta kvar stund på at han skulle
detta i, for isen var så tynn at det var vel så vidt at han kunne bera ein katt dilte ein mann. Så snudde Leg seg til treet han hadde styvt og hogde av eit par greiner, men då han så såg ned att på vannet, var mannen borte. Det var ikkje noko hol i isen, så han kunne ikkje ha dotte i, og til lands kunne han ikkje ha rokke, så det måtte vera ein underjordsmann.

Dei hadde somme tider sett underjordssauer der nede på Neset, så det heldt til noko skjult der.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *