Internt referansenummer:B-000021
Kilde:
ATTERLJOM
Folkeminne frå smådalane kring Lindesnes
Av: Tore Bergstøl
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 82
OSLO 1959
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se liste over forteljarar som har bidratt til boka Atterljom

Underjordsfolk

Ola Tobiasson på Bråddan i Vigmostad


Ola Tobiasson på Bråddan i Vigmostad såg ein gong ein flokk med sauer i Husebakheiå. Han kom ifrå Stølen. Det var både svarte og kvite sauer, og han såg så tydelig at dei fløtta seg.

Han trudde det var sauer som hørte til på Bråddan og gjekk bortover og ville ta dei med seg heim. Men då han kom fram til plassen der dei skulle vera, då fanst det ikkje spor etter sauer ein gong. Det måtte vera underjordssauer.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *