Internt referansenummer: 03.05.2011 – Bok
Kilde: Humor og folkeminne frå det gamle Kvinesdal
Av Ånen Årli
Trykk: S. Bern. Hegland A.S. – Flekkefjord november
Illustrasjoner av Kåre Sandvand (“Sandis”)
Klikk her for å lese “Forordet”

Underjordsfolk på Stokkeland

Min bestefar budde på Stokkeland til 1865. Han trudde på underjordiske, men så var han fødd i 1828. Han fortalte mange gonger at han sette poteter på Storågren på Stokkeland. Då fekk han sjå to blåkledde menn i Øirudskaret. Dette var nå ikkje noko overnaturleg. Det var andre enn han som hadde sett underjordiske. Han spadde ned fleire poteter. Då han såg etter mennene att, var dei borte.

I boka «Atterljom» fortel Tore Bergstøl:

På Stokkeland i Kvinesdal høyrde dei ei natt at det kom nokre utanfor og ropa og spurte om dei ville byta bort den svarte kollete kua i 7 svarte, kollete geiter. «Å ja», sa mannen, «men då lyt rungbukken følja med». «Åja, han lyt vel det», sa det utanfor.

Om morgenen var kua borte og geitene og bukken var komne istaden, men så gilde geiter har det aldri vore i bygda før.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *