Internt referansenummer:B-000021
Kilde:
ATTERLJOM
Folkeminne frå smådalane kring Lindesnes
Av: Tore Bergstøl
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 82
OSLO 1959
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se liste over forteljarar som har bidratt til boka Atterljom

Underjordsfolk

Reier i Røysa i Austad


Reier i Røysa i Austad hadde vore med og forlist med eit skip nord på Nordlandet. Dei dreiv på kjølen i mange dagar. Så døydde kokken. Dei talte om å eta han opp, for dei svalt så fælt. Men så blei dei einige om å slakta skipshunden og eta opp den. Reier fekk blodet, og etter det blei han synsk så han såg meir enn andre.

Ein morgon dei sat og slipte, han og sonen Arian, så kom det ein underjordsmann. Reier og han taltes med ei lang stund. Arian såg og denne mannen, men han skjønte ikkje kva det var dei talte om. Så om ei stund sa Reier farvel til mannen, og så reiste han.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *