Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Ungar skal det bli nok av…

Også i Gulen var det harde dragkampar då det skulle skipast ungdomsskule. Både Brekke, Eivindvik, Dalsøyri og Byrknesøy ville ha ungdomsskule. Og så var det dei som var
sentraliseringsfrelste.

Stortingsmannen Ludvik Botnen var i Gulen på eit valmøte i Venstre i samband med kommunevalet. Truleg var han orienten berre av sentralistane, for han kom til å seie i foredraget sitt at

– her i Gulen er ikkje so mange born, so her må det vere best med ein ungdomsskule.

Då var det at det brast for ei kvinne på tilhøyrarbenken:

– Det skal ikkje du bry deg med, vi skal syte for at her vert nok ungar til fire skular.

Det vart også resultatet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *