Internt referansenummer: 11.03.2011 – III- BOK
Kilde:
SNAASEN KULTURHISTORIE TIL AARET 1907
Af Hans Skar (Lærer i Snaasen)
DET MALLINGSKE BOGTRYKKERI A/S
KRISTIANIA
1907
Klikk her for å lese ”Forordet”.

Ungdomslag i det gamle Snaasen

Naar eg skriv um ungdomen, lyt eg bruka norskt maal. For ungdomen og norskt mad høyrer framtidi til. Soleis maa det vera, skal Norig finna seg sjølv att.

Snaasa ungdomslag vart skipa 5te januar 1896, Den fyrste styrar for laget var frk. Ragna Larssen.

Ungdomslagets maal skulde vera aa samla ungdomen um alt det gode og fagre i livet, arbeida for framgang og spreida

kunskap og ljos millom ungdomen.

Arbeidet i laget hev for det mesta vere samtale, song og upplesnad — og eit og anna foredrag.

Laget hev fraa fyrste stund havt eit handskrive blad, „Fjellblomen». Ei tid hadde laget og eit songlag.

Samtaleemni hev vore ymse. Ungdomslaget tok i 1898 upp arbeidet for inføringi av Blix-salmarne. Det lukkas. I 1903 kosta laget eit skeid i husflidsarbeid — vævning Dessutan hev det samla inn pengar til fatige, til folkeboksamlingi, til tiljet (cenen) paa Vonheim og til umflidnad av kyrkjegarden.

No ei tid hev det vore lite liv i ungdomsarbeidet. Baade gamal og ung hev havt det so annsamt med det „praktiske». Soleis hev det ideelle meir og meir kome burt. Det er avhaldslagi og itrotslaget, som hev havt ei rik tid no utetter, og arbeidskrafti hev samlast dit. Likevel gjorde Snaasa ungdomslag mykje godt ved aa halda liv uppe i den andlause tidi frametter fra hundradaarskiftet.

Den 4de december 1898 skipas Snaasa kristelige ungdomslag. 43 lagsmenner skreiv seg. Laget hev til fyremaal aa skaffa god, vekkjande underhaldning bygt paa kristendommens grunn. Møti gjeng med fyredrag og samtale. Eit handskrive blad, „Samklang», vert lesi upp paa kvart møte. Umframt detta driv dei og les or bladi „Den unges ven» og „Kamp og seier». I fleire, aar hadde laget eiget songkor. Og til songen si hjælp kaupte dei eit husorgel, som kosta kr. 170.

Kvart aar vert det samla inn gaavor til Innherads barneheim eller andre staute fyremaal.

Saman med Snaasa ungdomslag heldt dei 1902 og 1903 store basarar for aa faa pengar til aa fli kyrkjegarden fyr.

Det kristelege laget gjer mykje bra arbei. Men det fins altid einkvann, som ikkje skynat’ grunntaket med det. Soleis kjem det fram av og til trongsynte meiningar. Men dei livsfriske tolar det og døyr heller ikkje av ein grand brjoting.

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Hans Skar uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Hans Skar eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Hans_Skar

Bilde av forfatter Hans Skar.
Ukjent fotograf.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *