Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Ungen gret etter kriste namn


Kakkhus var ei liti hytte under ålmenningen i Vestringsgardo. Der budde det for lang tid sidan ei gjente. Det gjekk det ordet at ho hadde kvitta nokre ungar ho hadde fått. Mange som for um der, høyrde ofte gråt av ein liten speunge. Men ingen hadde havt vit te gjera noko ved det.

Men ein sundag kom klokkar Eirik Kjørstad framum der. Han hadde endå vore ved kyrkja den dagen. Då han kom te Kakkhus, høyrde han òg brått gråten tå ein liten unge. Då gav han ungen namn og sa:

«E gje de namn i Guds namn, anten Kristi eller Kristen!»

Då dette var sagt, tagna ungen med ein gong. Sidan høyrde ingen meir te barnegråt ved Kakkhus.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *