Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Else Lunde frå Nedre Dalen

Ungestell

Elsa Lunde, og det ho fortalde


«Med ungane gjorde dei vel mange tuklemento?» spør eg.

Ja, eg skulde tru det! Når dei hadde vaska ungane i håret, skulde dei ikkje snu seg anna enn nordte.
Ungane vann ikkje himmerike, um dei ikkje gjorde det slik.

Me fekk heller aldri ha på oss ei ny skjorte, minder enn me laut seia: «I Jesu namn!» med det same me smette ho på oss.

Det var ein gut på Brekke som hadde havt på seg ei ny skjorte, utan å seia: «I Jesu namn»; men med det same vart han so klen. Då klipte dei tå honom skjorta og brende ho upp.

Ein skulde få fallesjuke, dersom ein ikkje gjorde det slik, når ein vart sjuk etter at ein hadde havt på seg ei ny skjorte.

Det fyrste håret nyfødde ungar hadde uppi hovudet, kalla dei gamle einingshåret. Dette fekk dei burt når dei vaska ungen. Dei la flate handi ned i noko fin oske og gnudde håret med denne handi.

Dei gamle hadde på ungane tvo øyreluvor. Og utanpå dei la dei — te finbruk — eit silkeplagg. Limpane på dette tok dei um kvarandre i nakken og knytte dei so fast uppå hovudet. So hadde dei på dei skjorte og reivetrøye. Hendene åt ungen la dei jamsides kvarandre på tverken uppå bringa. So reiva dei i kring ein reiv, so dei ikkje fekk leda seg. Utanpå dette reiva dei so tvo andre reivar, og te slott surra dei med ein linde kring alt, so ein såg berre atti andletet på ungen. Slik laut ungen ha det i minst tre vikor. Dette vart gjort so ungen skulde ha det godt og varmt. Te vanleg skifte dei tre gonger um dagen på dei. Tåtor fanst ikkje i gamle dagar. Det er noko stort delk. Men so var det ogso suge i alle mørar då! — Alle ungar hadde i gamle dagar kjol te dei var seks år.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *