Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Uppe i Sunnanaa-heidi…

Uppe i Sunnanaa-heidi i Saud-sokni er det ein støl som dei kallar Finnebu. Der var det nokre gutar som gjætte. Daa desse gutarne ein gong hadde vore ute og set um feet og kom att-ende til stølen, fekk dei høyra mykje staak. Dei trudde det var støls-gjenta som var komi heimanfraa, og det var dei berre glade med. Daa dei so kom i døri, vart det stillt med ein gong, og dei saag ingi støls-gjenta. Ein av gutarne ropte daa inn at ho turvte ikkje gøyma seg; dei sku1de nog snart finna henne. Men fullt so lett som dei hadde tenkt, gjekk det ikkje med dette. Dei leita baade høgt og laagt, men fann ingen. Best som det var, kom støls-gjenta heimanfraa, og ho visste um ingen ting. Daa kunde dei skyna at det var huldrer som hadde vore der og gjort so mykje staak.

Paa den same stølen hadde huldrerne ein gong teke ei gjenta og heldt paa aa pynta henne til brud. Dei var mest ferduge med pyntingi daa nokre gutar kom og høyrde at det var nokon inne. Dei skaut daa inn gjenom gluggen yver hovudet paa «brudi», og daa laut huldrerne sleppa henne.

Fyr yver eit halvt hundrad aar sidan var det gamle Johans Engja som aatte Finnebu-stølen. Daa var det so, at naar folki hadde flutt heim av stølen um hausten, so flutte huldrerne inn; dei snudde daa helst upp-ned paa alt som i Støls-husi var. Eit aar var det tvo gutar som ikkje vilde tru noko paa det at huldrerne kom. Dei kom paa at dei vilde liggja yver paa stølen natti etter buferds-dagen. Dei tok kvar sin tolekniv og lét so tidi lida og skrida. Daa dei hadde lege eit bil, fekk dei høyra ramling og skrik; det var so at heile huset baade riste og skalv. Den eine guten laag still, rett som ingen ting var; han tenkte paa kor lett det vilde vera aa faa fanga ei huldr; men den andre vart redd, so han gjorde baade bleikna og blaana og skalv yver heile kroppen. – Best som det var kom det eit kvende inn gjenom døri; det var ei makalaus ven gjenta. Den moduge guten hadde kje fyrr set henne fyrr han treiv kniven og kasta yver henne. Daa vart det eit fælt skrik, og inn kom ein mann og ei kjerring. Dei grét og illa lét, og mannen sa det til guten at no hadde han teke fraa deim den einaste dotteri dei hadde; men naar han vilde vera god med henne, so var det ingi raad med det; han fekk taka henne. So baud dei farvel med dotteri og sa: «Me ser aldri kvarandre meir; for han gu-ten hev gjort det so at me aldri meir kann koma upp or jordi.» Fyrr dei skildest, gav mannen deim ein pose som var full av gull.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *