Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Upphavet åt dei underjordiske

Ho mor mi tala um ein gammal fordrukken stakkar, ein ho kalla Tøyte. Han visste å sei av kor dei underjordiske vart til. Vårherre kom ein gong og vilde sjå borna hennar Eva, ho Eva og han Adam hadde mange born; men nokre av dei såg mindre bra ut, og desse hadde ikkje ho Eva mot å te fram, so ho stakk dei av’n side. Då Vårherre marka ho for med fark, sa han: «Det som er gøymt, skal vera gøymt.»

Og desse ungane kom til å bli stamfeder åt dei underjordiske.

Ja, slik sa denne Tøyt’n; han var elles ein skola og lærd mann, dei sa han var lærd til prest. Men so hadde han lagt seg etter det sterke, so han kom seg ikkje til kappe og krage (Fauske).

Men han Jens Andreasso på Dverset (Saltdal) har høyrt dette, um upphavet åt dei underjordiske, på ein annan måte. Vårherre skapte eit kvinnfolk før henne Eva. Men so tok denne til å bli noko utangåt av seg, kor dette meir var. Nok er det, Vårherre vart harm på henne og jaga henne i skogen. Og ho kom til å bli stammor åt dei underjordiske. Namnet hennar var Dalila.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *