Internt referansenummer: 09.02.2013 – A
Kilde:
FRÅ GAMLE DAGAR
FOLKEMINNE FRÅ SIGDAL OG EGGEDAL
Andreas Mørch
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 27
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1932
Klikk her for å lese ”FØREORDET”

 

Urian og Urianskorta…

 

I vesthallen, langt sørpå Grågalten, er det ei lita skorte i åsen. Ho er like innom ei myr og bare nokon meter oppi. Ho er et par meter djup inn gjennom bergveggen, og over karshøgd oppunder taket. Det har rasa stein ned i dei siste åra. Men i gamle dagar var ho fin og jamn i botn.

Denna skorta er kalla Urianskorta. Ho har fått namnet sitt etter han Urian. Han budde der ei stund ein sommar.

Det låg mange følk og setra innpå Grågalten i den tida. Det var følk på alle dessa, både Eikjesetrane, Bjønndalsetra, Kvisle- og Sjurbråtåssetrane, Møllerudsetrane, Rolvstadseter, Øverbyseter, Gvasshaug- og Kringstadseter, Rustand- og Ebbesbergseter. Alt detta er setrar som ligg mellom kjørkebygda og Grenskaugen.

Ein sommar vart det fælt til skrekk på seterkjæringane. Rett som det var, vart det borte noko tå buskapen. Ein gong fant døm ein sau som var sli’i ihel og flådd. Frå seterbuine vart det borte mjølk og smør, ost og allslags mat. Ein slags røvar måtte det vera. Men ingen hadde sett’n. Lensmannen hadde vøri oppå og sett, men han fant ikkje noko.

På samma tida hadde det vørti borte ein mann frå Hallingdal. Døm skulde følgje’n på straff. Så hadde han fått lurt sei frå døm. Han heitte Urian, og hadde støli både her og der i Hallingdal. Så trudde døm det måtte vera han som hadde kømmi bortpå åsane her. Men ingen visste hå han høldt til.

Da var det ei gjæslegjente frå Eikjesetra som var nordover med buskapen. Da fekk ho sjå ein mann som låg og strekte sei oppi Grågalten, like oppi åsen ovom ho. Han låg der i sola og så på hennar. Da ho skjøna at han hadde sett ho, gav ho sei til å lokka på kuine og nemnte døm med namn. Ho drog sei der ifrå, som ho ikkje skulde ha sett noko. Karen ho hadde sett, var stor og grovsli’in. Da ho kom fram til setra og fortalte hå ho hadde sett, vart det sendt bud til Eikje, til lensmannen der. Det kom karar som skulde ta han Urian. Døm visste nå at det var han. Døm trudde ikkje at han var så god å ta. Difor vart det sendt spreke karar oppover. Døm var tre i følgje. Han som skulde vera formann for døm, han Anders Olsen Ovestad. Det var ein stor og sprek kar. Han hadde ti’i med sei ei diger tømmermanns-bile og ein uksepeis. Dei andre to hadde og med sei handbø. (Noko til å verja med, staur, øks eller slikt.)

Karane var liggande og lure lenge borti åsen. Døm visste ikkje så akkurat hå han var. Men ein dag fekk dem sjå det rauk i ei skorte. Da visste dem hå dem hadde han hen. Men det var ikkje så godt å komma oppmed der. Bratt og ulendt var det. Det var ikkje nedi sjølve Urianskorta han var da. Men så våga han Anders sei oppmed likevel. Han hadde både bila og uksepeisen med. Da han kom så høgt han såg i han Urian, så låg fanten på ryggen og søv. Han hadde dri’i et plagg over hugu for sola.

Med det samma han Anders kom oppmed til han, vakna han og hivde plagget tå sei. Han vilde flyge opp. Men da var’n Anders frammed og dreiv til han over beina med bila.

«Nå forsøv du dei, gutt!» sa han med det samme han slo. Deretter tok han uksepeisen og dreiv til han i hugu med så han var halvt uvetta. Ein kan ikkje sei’ at han Anders var finaktig med’n Urian. Men han vilde vera sikker på å ha’n. Dei andre to karane kom og hivde seg over’n så han Anders kunde få bønni’n. Døm låg ein på ver arm. Men da han vakna til sei sjøl med det samma, var han så sterk, at han låg og huska karane på armane sine, og døm hadde all bo med å få hølde’n til han Anders fekk surra beina hans, enda døm var nokon vaksne karar, både store og tunge.

Etter døm hadde bønni armane, tok døm tå tommane på beina. Så leidde døm han ned til Eikje. Der vart han sittande ei tid, til døm fekk hatt forhør på’n.

I tingstugua på Eikje hadde han hølli fælt til hus eingong. Han var bønni på armane, men beina var frie. Så hadde døm latt’n få noko brennevin. Da vart han heilt gælin. Han hivde sei og spretta sei for døm, han spente høgda si i hallingkast med bakbønni hendar.

Radt etter han hadde kømmi til Eikje, hadde han ymta om, at hadde han visst hå ho var til den gjenta som fekk sjå’n, så skulde han gjett ho både — — —, han nemnte namnet på dei kuine ho hadde lokka på. Han visste nå, at det var for å narre han.

Han vart dømt og sendt på tukthuset. Nokon år etter slapp han ut att.

Ein gong han Anders Ovestad var i byen, møtte’n han Urian på Drammensbrua. Han såg så stygt på’n Anders, han trudde vel han kjente’n att.

«Er’n langt ovantil bygdane denna karen da?» hadde han Urian spurt.

Men han Anders hadde ikkje svara noko på det, men ti’i av garde. Han hadde nok vøri glad han slapp så godt ifrå det den gongen, han Anders.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *