Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Uriasjobbar

Uriasjobbar, ja. Jordstyret hadde mange slike til utdeling, og eg fekk nok min rikelige del av dei. Blandt anna så måtte eg vere med å vege korn når folk treska. Då blei eg vanligvis også med i treskearbeidet. Men korn-veginga var nå det viktigaste. Problemet var det at dei aller fleste lurte gjerne unna litt. Dette ville eg helst ikkje sjå, så eg sa før treskinga tok til, at eg vog alt det eg såg. Denne metoden verka stort sett bra. Men ein plass var det ei dame som ikkje hadde fått ordna seg slik ho ville. Ho tok ein sekk og slengde bak seg, sjølv om eg var i låven. Sjølvsagt såg eg heller ikkje denne sekken.

Hos oss treska vi med vasskraft frå bekken, og hadde kornet gjennom ein handdriven reinsemaskin etterpå. Her kunne ikkje eg gjere teneste, det måtte ein av dei andre kontrollørane gjere. Han var bare til stades under reinsinga, eller kastinga, som vi sa.

Kvar gardbrukar måtte gje nøyaktige oppgåver over kva husdyr dei hadde. Av og til sende jordstyret ut folk til å sjekke dette. Det var også ein av jobbane mine. Aldri høyrde eg breking eller rauting på unaturlige plasser. Men det var kanskje bare slumpelykka?

Ikkje alle som var ute i slikt ærend, var like heldige. Det blir hermt etter ein som høyrde husdyrlyder frå ein utrulig plass: 4 denne tida kan ein ikkje tru alt ein høyrer,» sa han bare. Så gjekk han vidare.

Det var 16. november 1943. Det var tresking i Monen på Jåddan. Framleis har eg sekkevekt og talet på sekkar eg vog denne dagen. Det var 610 kg havre fordelt på 16 sekkar, og 135 kg rug i 4 sekkar. Sekken blei festa i ein krok i stangvekta. På vekta var der ein stor ring, der vi stakk gjennom ein stav. To personar lyfte så opp staven i kvar sin ende, slik at sekken kom opp frå golvet under veginga.

Anten var vi ferdig for dagen, eller vi hadde ein pause i treskinga. I alle fall var vi ute på tunet då eit stort bombefly og fleire jagarar susa over himmelen mot sør-aust. Om vi høyrde skot, kan eg ikkje minnast.Eg minnest bare eit gjennomtrengande brak — ei krasing og braking som splintra novemberlufta då det tunge firemotors bombeflyet styrta i Asan, på heia mellom Kvås og Konsmo. Frå Jåddan til Åsan er der bortimot ei mil i luftlinje.

Flyet som styrta, var eitt av dei som hadde vore og bomba molybdengruva på Knaben. Molybdenmalmen var viktig for krigsindustrien. Derfor blei gruva bomba fleire gonger. Også mange nordmenn miste livet under bombinga. Etter at tyskarane hadde fjerna det dei ville frå det nedskotne flyet i Åsan, var det folkevandring i lang tid, av folk som var på sovenirjakt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *