Internt referansenummer: 01.10.2010-A

Kilde:
GJØMT, MEN IKKJE GLEMT- DET HENDE I EI TRØNDERBYGD
Av:
Sturla Brørs
Utgjeve og prenta av:
Rune Forlag, Trondheim 1980
ISBN 523-0230-0

Urmakaren

NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde.

Han Jon Kaspersen på Hundset — han var gammal —syntest vi ungane, og hadde skjegg over heile andletet: han sat gjerne ved bordet sitt og plukka sund klokker når vi kom innom åt han. Han var sjøllærd urmakar. Men han var da visst flink? Dei fortalde at han var den einaste som kunne stelle med den mangfoldige stueklokka hennar fru Berg i Sjøåsen. Ein gong heldt det likevel på og skulle mislykkast for han. Han hadde teke sund klokka, men da han skulle sette ho ihopatt, vart det ein del for mykje. Kva trur du han gjorde? Han prøvde gong på gong, gong på gong, meir og meir nervøs, men ein del for mykje vart det. Til-sist måtte han berre lappe klokka saman og gå sin veg. Delen som ikkje ville inn låg att etter han! Men da han hadde kome eit stykke søri vegen, slo det ned i han: slik og slik skulle det vera, visst skulle det det! Og han snudde om, gjekk attende åt Sjøåsen, tok sund klokka, og sette ho i hop att — anten du trur det eller ei, da gjekk delen inn i klokka liksom av seg sjøl!

Han hadde positiv og, han Jon, og spela somtid for oss.

Og ein gong laga han ein speldåse, som han spela på. Men han hadde ikkje fått til nokon melodi i musikken sin. Det vart berre klingklang. Eller — du skal sjå det var moderne musikk som vi ikkje forstod? Kanskje ungdommen av i dag hadde forstått han?

Han var ugift, han Jon, ei søster, som og var ugift, stelte huset for han. Dei hadde ein liten gard, som dei dreiv utan hest. Ein heller uslett gard — ein slump bakkar med to styggdjupe dalar millom. Ein dag eg kom framom der, dreiv han og trilla ut den eine bakken med trillebår. Det gjekk smått, og mesteparten av bakken vart vel att. Men det var tappert gjort, syntest eg. Du veit han skulle hatt bulldozar (bråtåbjønn!). Men slik styggedom visste vi ikkje av den tida.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *