Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Uro paa Ur’o

Det renn ei aa ned gjenom dalen. Paa nordsida av aai er det nokre bratte bakkar, og i øvste enden av desse bakkarne er det ein gard med store gamle furetre og steinrøysar rundt um. Denne garden heiter Ur’o (Urdi).

Paa den garden kom det tidt huldrer i gamle dagar, og dei gjorde mykje vondt. Verst var det jolaftans-kvelden. Daa kom dei kvart aar og fór av stad med den beste jolematen. Men den største skaden gjorde dei jamnast i fjøset. Stundom tok dei med seg ei ku eller tvo, og um dei ikkje det gjorde, so vart det mest alltid sykja og utrivnad paa buskapen seinare um vinteren. Det hadde alltid vore velstand i Ur’o; den same ætti hadde butt paa garden lenger en nokon kunde minnast, og vyrde folk hadde det alltid vore. Men so lagdest det til med motgang og vanlukka, so det vart armod. Sistpaa laut folki fraa garde.

So laag garden øyde i mange aar. Folk som visste um all den vanlukka, torde ikkje kaupa garden og ikkje busetja seg der. Daa det leid paa, kom ein austmann reikande aat bygdi. Han fekk høyra at der var gard aa faa fyr ein ringe slikk.

Daa det leid imot joli, tok folk til aa ynka mannen. Dei tenkte paa huldrerne; men mannen sjølv meinte at han skulde nog halda garden fri fyr huldrer. Um jolaftans-kvelden gjekk han fyrst aat fjøset; for han tenkte dei vilde koma dit fyrst. Han tok med seg noko kokande heit tjøra; so sat han der og venta og tenkte at no kunde det koma.

Daa han hadde vore i fjøset eit bil, kom det eitkvart setjande. Fjosdøri vart slegi paa vid vegg. Han stokk med sanne, so han mest ikkje visste kva han skulde gjera; men so haatta han seg. Han tok tjøre-gryto og slo ut yver deim som kom. Fyrst vart det daa ein stygg laat, so noko som oia seg, og sidan høyrde han kor dei sprang. Eit bil etter var alt stillt.

Etter den kvelden hev det aldri kome huldrer til Ur’o og gjort vondt, korkje i jolahelgi eller andre tider.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.