Internt referansenummer: 16.02.2012 – BOK
Kilde:
GAMALT FRÅ LOM (Folk og fylgje tå alle salg)
OLAV T. KVAALE
LOM HEIMBYGDSLAG 1975
ISBN 82-990 408-0-9
Engers Boktrykkeri A/S – Otta
”Gamalt frå Lom” er utgjeve med stønad frå Ola Øyjorde, Lom Tamreinlag, Norsk Kulturfond og med stønad og garanti frå Lom kommune.
Klikk her for å lese ”Forordet”

Uroleg i Prestseter’n

Prestesetra

Frå Prestesetra – seterhuset til Nørdre Aukrust.
Fotograf ukjent.

Ein vinter låg det 7 tå prest-husmennom på setern og skulle køyre ved og tå med seg høy når dei var ferdige med det. Ein kveld dei sat rundt skorsteinen og øvde moro og bråka nokså hardt, vart det au så uroleg ute i mjøkebu’n. Det var da ein som tok ei vedstikke, ha upp budøre, kasta stikka inn i bue og sa: — Kan du ikkje i Helviti vera roleg med deg!

Stikka kom fram att, og da kom det ei tom mjølkekolle med. Mannen som var framme i huset, kasta alt inn i bue og sa: — Tenkjer du deg til å skræme 7 mann ut av huset? Det skal du, fan-ta-meg, vera blå for!

Da kom det ein av dei andre og gav seg med å kaste inn i bue, så fort det kom fram, men dei greidde det ikkje, og enden vart at alle 7 kasta alt dei vann. Men så var det ein som tok ei brennande stikke og kasta inn i bue. Da vart det eit forferdeleg leven. Det vart kasta fram så fort at dei 7 fekk ikkje gjort anna enn å verje seg, og til sist tok dei spranget ut og nedover kvee. Det siste var at seterhusdøre vart rivi tå og kom sendande etter dei.

Dei tok vegen ned til Kvandalsvoll og låg der om natta. Da dei morgon’ etter kom åt seter’n, låg seterhusdøre langt nedpå kve’n, men alt var da roleg, vart det fortalt. Og så vidt nokon visste, fanst det ingen an’ i Prestsetrom da.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *