Internt referansenummer: 29.10.09 – A

Kilde:
Syn for gudar-
Og andre historier frå kommunalt liv og virke i Sogn og Fjordane
Samla av Lars Myrold
Illustrert av Herbjørn Skogstad
1987 Kommunalforlaget AS
ISBN 82-7242-452-5
Klikk her for å lese en kort innladning om Lars Myrold.
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Urolege ungar i Luster…

I Luster var det ein gong ein likningsmann som var særs nidkjær. Dei andre i likningsnemnda var merksame på dette, og dei prøvde å setje han til veggs når dei meinte han fór med usanning.

Det var klassefrådrag i likninga for ungar og andre som mannen hadde til forsyting. Ein gong dei heldt på å likne ein som hadde mange ungar, hevda krinsmannen at det var 9 ungar i familien. Men dette var det ikkje alle som ville tru, og ein annan som kjende tilhøva nemnde ungane ved namn og det vart seks. Så ville han vite kvar krinsmannen hadde dei andre tre i frå. Krinsmannen måtte gje seg:

– Eg er ikkje sikker, dei var so urolege.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *