Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland I
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG XVII
Oslo 1928
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese «fyreordet» (Med bilde av Torkell Mauland)

Urom um næterne

Gamle Jehans Løland var ein vinter sers annig og vilde hava kornet sitt so snart upp-trøskt. Han stod upp lengje fyrr det vart ljost um morgonen og tok paa aa trøskja. Og i laaven stod han og trøskte til det var myrke kvelden. Daa han hadde halde paa med dette ei tid, daa tok det til med ei fæl larming i låven um næterne. Stova hans stod tett atttmed løda, og naar han hadde lagt seg, kunde han ikkje faa blund paa augo; for det høyrdest so som det skulde vera 3-4 mann paa laaven, og dei heldt paa trøskja av all magt, sto i laave og brikjer, so det vart ein larm som daude kunde høyra. Men det snodigaste var, at berre Jehans kunde høyra det; alle andre, baade der i huset og hjaa dei andre paa garden, hørde ingen ting.

Jehans kunde skyna at det var huldrerne som ikkje lika at han stod soleis og trøskte baade tidleg og seint; men han tyk¬te det var for gale at han skulde missa svevnen berre fyr slikt fantaskap. Og kva skulde han gjera? Risa upp og ganga aat løda midt paa myrkaste natti, det torde han ikkje. Daa fekk han heller liggja og vaka.

So laag han tvo næter og ikkje fekk sova; men den tridje natti daa han vakna av dette skræmelege bråket, daa vart han rasande harm. Han reis upp og sprang i berre natt-klidi aat løda. Der treiv han den største tusten og gav seg til aa banka i laavegolv og brikjer rett som han var galen. Daa vakna alle folk paa garden og kunde ikkje skyna kva dette var; det høyrdest mest som heile løda skulde ramla ned.

Daa Jehans hadde banka so lengje at han kjende seg trygg, hengde han tusten fraa seg og gjekk inn og lagde seg. Sidan fekk han sova i god ro, og høyrde aldri meir til nokor uro um næterne.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.