Internt referansenummer: 04.10.2009 – A
Kilde:
Folkeminne frå Sunnmøre II
Jørgen Gjerding
Ålesund 1932
I kommisjon hjå Alb. Gjørtz Bokhandel
Klikk her for å lese en ”innledning” til boken.

Utburden i Ulstein

Ho Bern-Æli var ei gamal budeie. I mange år tente ho på garden Hovset i Ulstein, men var elles ætta fra Haddal. Ho hadde set utburden so mang ein ædeleg gong, fortalde ho. Ein kveld ho kom ned i fjøset skulde mjølke, sat utysket på herdatoppane på ei ku og heldt på slå henne so kua stod berre pipra og skliv. Ho Æli skyna vet kva det var; for ho visste om at det ein gong langt attende i tida var kome eit barn avdage der i fjøset. Ho treiv fyrst fjøsreka og hivde etter utysket. Det flytte seg berre bort på ei anna ku. Då tok sinnet henne Bern—Æli. «Vil du sjå til å ha deg ut, dit fantepakk!» skreik ho, treiv sopelimen og til å stordengje det i myrkret. Jau, då kvein det som når ein unge fær ei dugleg dengsle, og ut for det gjenom lukedøra. Ho Bern-Æli fekk berre ein glytt av det; men for hennar auge såg det ut som ein blåringut barnesokk, fortalde ho sidan.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *