Internt referansenummer: 03.08.2009 – A
Kilde:
Dar finst korkje vind elder væte
Munnlege folketradisjonar frå Selje etter Emil J. Djupedal
Samla og nedskrivne av Reidar Djupedal
Redigert av Ingrid Djupedal
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 137
NORSK FOLKEMINNELAG, Oslo 1992
ISBN 82-03-17234-2
Klikk her for å lese føreordet
Klikk her for å komme til ”Selja Forlag” som kan
selge deg boken som denne historien er hentet fra…

Utburden på Lidasete

Ute på Lidasete var dei òg ute for utburda ein gong. Dar tente ei gjente som heitte Olava. Ho var endå til systra hennar Marte, andre konå hass Akstines.

Eit kveld skulde ho Olava late inn bukraturå, var dar ein kalv som ikkje vilde inn i fjøsen. Han rikka seg ikkje ta tverre stada. Same kor ho Olava sleit og jaga, vart kalven ståande stir’e. Ho drog av vinnande makt, men kalven leda kje på seg.

Med eitt slitna takjet. Ho Olava høyrer ein skrelleslått so det huskar i håmrå.

Ho ser eit levende fare gynsande ned elvagj?let som eit tynneband. Da for like luksens på havet og sågst ikkje att’e.

Ho Olava stod att’e med ein lyngbruse i neva.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *