Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Utearbeid

Plog og spade

Dei gamle plogane var mest heilt av tre, og dei dugle ikkje stort, dei kunde ikkje velta jordi skikkeleg. Ein gjorde det mykje betre med spaden, når ein gjorde seg fyre. Det vart onnorleis då dei tok til med jarnplogar, men der var dei som hadde meir tru til spaden likevel.

Ånen Kjelland (1806-1891, f. på Kjerr i Øyslebø) spadde åkrane sine burtimot slutten av 1800-åri. Det var mykje seinare enn å pløgja, men når dei sette fem-seks karar i arbeid med kvar sin spade, so gjekk det tolleg likevel.

Abraham Try (1816-1888) var ein av dei fyrste i vestersokni som fekk jarnplog. Det var umlag 1856. Han gjekk ikring på gardane og pløgde. Han var på Knibe au hjå Kristen Jofridson. Der hadde dei spadt jordi til den tid.
(Johan Knibe f. 1845)

*     *     *

Burtimot 1810 kjøpte Jøren. Olsson og Tønnes Abrahamson på Åros ein plog av smed Taraldsen i Kristiansand. Han smidde ein til presten Hansen same bilet. Fjøli og foten var av jarn på dei, men der var treås og trestyre. Der var dubbelt styre på dei.

Tobias Udjus (1796–1876) og Ånen på Kleiva (1799-1860) hadde ein jarnplog ihop. Den var komen frå England.
(Ola Jørgenson Åros 1823 – 1917)

I slutten av 1840-åri slo eit halvt sneis mann seg ihop og kjøpte ein plog av jarn. Der var tvo på Kleppland som hadde part. Dei kalla han «Sellskabsplo’en».
Lill’Ola på Greipstad var den fyrste plogsmeden i prestegjeldet, han smidde plogar med enkelt styre til ein hest. Det var i slutten av 1850-åri.
(Ånon Larson Kleppland f. 1844)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *