Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE (1868 – 1923)
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Utearbeid

Skjera åker

Når dei skar seg i fingeren med sigden, sa dei:
– ”Nò skar e skurgrauden ifrå me!”

Dei skar grauten til seg atter dersom dei skar seg ein gong til.
(Hans Syvertson Lone f. 1850)

Den som skar siste bandet, fekk enkemannen.
(Karen Beintsdtr. Lunde)

Dersom siste bandet var stort, var det merke på at dei skulde matberga seg godt. Det
var ringt merke når det var lite.
(Maria Kristiansdtr. Berge f. 1843)

*     *     *

Dei gamle sparde visst att noko på åkeren.
(Gurine Kimestad)

Sofie Kristiansdtr. Berge, fødd 1836, var mykje med og skar åker hjå presten
Bjørnson. Dei arbeidde frå klokka fem um morgonen til åtte um kvelden.
Han lika ikkje når ho vilde gå heim um kveldane, han var rædd ho skulde verta for
sein på arbeidet næste dagen. So freista han å skræma henne frå det.
– ”Ikke gå kjerkestetta, sa han. – For der e sà mange hodeløse folk.”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *