Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE (1868 – 1923)
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Utearbeid

Slåtten

10. juli (Knud med ljåen) skulde slåtten byrja:
Kjell fud ò sante Knud
drive bonen me jåen ud.
(Gurine Kimestad)

*     *     *

Når fruktene på pengegraset var mogne, so nær som eit par, då skulde dei byrja
slåtten.
(Gustav Skarpeid)

*     *     *

Dei brukte jamt tynsleljå, og um laurdagen laut dei til smeden med dei til tynnings.
Det var ein kappestrid på harde livet um kven som kunde vera fyrst. Smeden hadde
fullt arbeid med å tynna ljåar både laurdagen og sundagers.
(Gustav Skarpeid)

*     *     *

Der var ein smed på Tofte eller Dal. Dit gjekk dei og fekk ljåane tynnte.
(Jens Tønneson Lunde)

*     *     *

Stian Egså i Øyslebø hadde gjeve ifrå seg garden ( etter 1900). Han var burte frå husi
den dagen den nye husbonden tok til å slå. Engi stod tjukkast og best ikring uthusi,
og difor byrja dei der.

Då Stian kom heim og såg det, skreik han imot dei:
– ”Du må kje slå ifrå løda! Du slær velstandet ifrå deg!”

*     *     *

Det var ein hard kappestrid grannane imillom med slåtten, ingen vilde vera sist
ferdig.
(Tønnes Svenson Lunde)

*     *     *

Karmennene tok ofte av seg ytrebuksone og gjekk i berre underbuksa når dei slog.
Det gjorde Hans Person og Sven Lunde so seint som ikring 1880.

*     *     *

Anon Kleppland var slåttemann hjå presten Bjørnson i mange år. Han hadde 20
skilling dagen det fyrste, seinare vart det 1 mark og sistpå halvonnor mark. Men då
syntes presten det kom heller høgt.

Ska je gje halvarena mark, sò må du sandeli’ legge me te i offer, sa han skjemtande.

Ja, må e då spør presten, ho møe han tekòmme i offer a en ungkar? meinte Ånen.

Jau, det var då tolv skilling til kvar høgtid eller tri dagars arbeid, og Ånen meinte han
hadde gjort rett for seg.

Jo, du har vært truen te å ofre, sa presten.

Bjørnstjerne Bjørnson var jamt heime på Søgne um sumaren, og både han og
Karoline var sumtid med i haustingsarbeidet. Men han var so svær til å brjota av
riveskafti. Då ropa han berre til hjurdingen:
– ”Spring te Bergje ò få i rive!

So tok han tolv skilling upp av vestelumma og flidde han. Det var prisen på ei riva i den tidi. Han gjekk alltid med pengane lause i lumma.

Då lo gamle Bjørnson:
– ”Ha, ha! Bjørnstjerne Bjørnson tar’ke ha pung te sine penger!
(Ånon Larson Klepåpland f. 1844)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *