Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE (1868 – 1923)
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Utearbeid

Timberhogging

Fyrste kvinnfolket som kom til gards når dei hadde styvt det fyrste treet på det nye
året, vart hogstekjerring til den som hadde styvt treet. Ho skulde gjera han eit
økseskaft eller eit anna skogsambod.
(Gustav Skarpeid)

Dei spikane som stend att i stuven når treet er felt, skal ein sletta av med øksi.
Fanden fær ikkje kvila tidare enn når han fær sitja på dei piggane, stuveslitet dei
kallar.
(Jens Olson Kjelland f. 1832)

Gasten kvilde på stuveslitet, difor vart dei stubbane kalla «gastestubbe».
(Gustav Skarpeid)

Når ein skjer planker eller bord av eit vindfalle tre, so vil det smella i dei når vinden
dreg seg til den kanten han var då han felte treet.

Nils Torkelson på Stausland (f. 1813) hadde ei mjølkehylla i stova, og den var av eit
tre som hadde falle i austavind. Nò får mi østannen, sa Nils. De smelte i melkehølla.
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *