Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE (1868 – 1923)
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Utearbeid

Tresking

Ola Jørnsons bruk i Åros var på vel tri geitskinns skyld. Den vanlege avlingi var sju
åtte tunnor bygg, ei eller tvo tunnor havre, tri tunnor rug og ei tunna kveite.
Dei treskte med flygel («fløyel») til umlag 1890.
Dei talde kornbandi soleis:

14 band i ein skru',
28 » » » trev,
20 treve i ein tei(g).

Dei rekna til vanlegt tvo tunnor mat av teigen.
(Ola Jørgenson Åros 1823 – 1917)

Maria Kristiansdotter Berge, f. 1843, hadde vore mykje med i treskingi på Stausland
då ho var ung. Dei treskte ein teig og tri treve til dagen med flygelen, og dagløni var
tolv skilling.

Kristian Olsson var den fyrste på Kleppland som fekk treskjemaskina, det var i 1865.
Det var Anen Josal i Vigmostad som hadde arbeidt den.

Anen Kleppland arbeidde fem treskjemaskinor i 1871. Tri av dei kom til Repstad, ein
til Astøl og ein til Berge.

Han fekk 80 kronor stykket for dei, og smidet kosta 30 kronor til kvar maskina. So
hadde han att 50 kronor for trevyrket og arbeidet. Han arbeidde ei maskina på ei vika.
(Ånon Larson Kleppland f. 1844)

Nils Olsson på Stausland (1819–1876), Niklai Føre og Tønnes Aros (1817-1883)
hadde dei fyrste treskjemaskinone der på gardane.
(Ola Jørgenson Åros 1823 – 1917)

Andreas Torkelson Lunde, Jens Sørenson Leire og Anen Oftenes kosta tresk
jemaskina ihop i 1860-åri.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *