Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Utjordsløa

løa

Den gamle Ærenesløa.
Fotograf ukjent.

”Læs opp og ned
skal du få se
a jeg er din
vis du er min.”

Dette rimet som stod skrive på veggen i den gamle, stokkebygde løa, speglar av litt av den romantiske stemninga som knytte seg til desse bygningane. Deira eigentlige funksjon var nok prega av beinhardt strev for mat og klede gjennom fleire generasjonar. Men dei var i tillegg til dette, medspelarar i viktige situasjonar i livet, for både folk og fe.

Då utjordsløa blei riven i 1956, hadde ho gjort teneste i nokså nøyaktig 100 år. Det var far og son som bygde henne. Ein liten soneson på 10-12 år hjelptest nok også til litt. Løa var tømra saman av skakke og skeive bjørkestokkar. Der var store opningar mellom stokkane. Det skaffa god lufting dersom høyet var litt rått. Derfor måtte alltid slikt køy leggast ved veggane.

Under løa var der 3-4 kubåsar i ein primitiv kjellar. Her blei kyrne mjølka når dei beitte i håa. I enden av sjølve den stokkebygde løa var der eit plankeskjol. Her kunne ein bakke inn høykjerra, og lesse høyet rett inn i løa. Når der var stappfullt og vel så det, kunne skjolet fyllast etter at dør-opet var tetta. Heilt oppe i mønet var der eit glugg som kunne tettast med ein lem, etter at også skjolet var fullstappa.

For 50 år sidan fann du sneisevis av slike utjordsløer både i dal og på hei. I frå sjøen og like opp på Hekkfjellet. Akkurat denne løa stod omtrent midt mellom desse to ytterpunkta. Slåtta som løa stod i, har skiftevis høyrt til Kvås og Hægebostad. Siste gong skal ho ha kome til Hægebostad ved eit giftarmål, seier sagnet.

Mellom løa og Ærenessteinen var den gamle dansarplassen, ja, og så på Gullsletta. Det var ungdomar frå Åsegardane, Birkeland, Gysland, Skår, Buli og fleire, som samlast her. Det seiest og at framfor steinen her samlast karane og delte brennevinsankeret, når noken hadde vore på bytur føre ei helg. Ein skal vel heller ikkje sjå vekk frå at der måtte prøvesmakast, for å finne ut om kvaliteten var brukande!

Haustonnsarbeidet tok gjerne eit par månader før i tida. Dei første slå-maskinane kom ved hundreårsskiftet, og sjølv då måtte storparten av graset haustast med ljå. Det var få steinfrie teigar i heimejordet, og uhorvelig mykje utslått. Den som skulle slå med ljå, måtte helst vere ute i 4-5 tida om morgonen for å nytte slåttedogga. Mennene Der-ute og Der-heima var så tidlig ute og slo på kvar si side av bekken, at dei kunne ikkje sjå kvarandre, men dei høyrde når naboen brynte. I alle fall den eine av dei brukte slirekniven for å få dei siste grasstråa rundt steinane.

Midt på dagen tok slåttekarane «siesta» når dei andre vende høyet. Nei, lat oss ikkje ta med alt — om breiing, kveding, raking, muing, såting, kasting, høying — og til aller sist… Heimkøyring av høyet frå utgjordsløene om vinteren. Då kjendest ein sterk lukt av sommar frå finnhøy og lauv-kvistar.

Kom der ein lang godversperiode i haustonna, kunne det bli svært strevsamt. Då kunne rett og slett ein regnversdag vere velkomen, sjølv om det gjekk ut over høykvaliteten. Der fanst ingen ting som var så godt som å ligge i høyet og sjå silregnet som pøsa ned utfor låvedøra, og så bare kvile, kvile, kvile.

Sundag var det tabu å gjere minste grann med høyet. Låg der flatt høy om sundagen og det såg ut til regn om kvelden, var det å vente til klokka hadde slått 12 om natta, då kunne høyet såtast.

Også når det galdt tilhøvet mellom gutar og jenter tok dei Guds ord på alvor i den tida. Synda var synd, og lovnaden om å leve saman i gode og vonde dagar galdt for heile livet.

Men løa stod der og gjorde si teneste år etter år. I «dei harde 30 åra» var det mange luffarar som braut seg inn og overnatta i høyet. Det var stort sett arbeidslause ungkarar som selde kammar, tråd, synåler og såpe for å tene til «daglig brød». Dei vaska tøyet vår og haust og var friske som fiskar.

Mange var nok innom løa i den årstida ho var tom for høy. Kom der ei regnskur så stod ho laglig til, rett ved den gamle dalevegen som blei avløyst litt før 1920. Der var innskrifter frå både nær og fjern. Her hadde husbonden sjølv skrive inn forbokstavane som 23 åring i 1907. Olav T. Kleven, Vigmostad hadde vore der i 1940, og Abraham G. Dydland 1/5 – 1896. Albert Sørensen har skrive «Søndag kl. 11 1/2 – 3/3-1921», og Torleiv Olsen 7/7-1934. John J. Tveiten og Ole J.Gardøl har bare skrive namn og ingen dato. Some skreiv endå mindre: I.O.D.H. har bare skrive forboksta-vane, men det var vistnok ei jente som var her og gjætte kring århundreskiftet. Ho heitte Inga Olsdatter Helle.

Tri ungdomar som hadde akkord på slåtten her i 1934 har skrive namna sine og — «Nu skal vi av og bade». Minnest eg ikkje feil, så hadde dei kr 50 til deling for den veka dei arbeidde. Det ville bli kr 2,77 for dagen dersom dei delte likt. Men kanskje rakstejenta fekk litt mindre?

Så står der: 4928 ferdig med slåten 29/8» og »I 1931 begynte vi å slå hær 8/8.»

Den 26. september 1956 var siste dagen for Ærenesløa. Ho blei riven omtrent på same måten som ho hadde blitt bygd for 100 år siden, bare i omvendt rekkefølgje. På nytt var det far, son og ein liten soneson som stod for arbeidet. Den eldste rivaren var son til den yngste byggjaren.

Nå er løa bare eit minne, eit bilde og innskrifter som er tatt vare på i ei gammal Hejes Lommealmanakk. Det kunne nok vore gildt å ha hatt ho ståande i dag, men slik er det: Både bygningar folk utfører sin misjon, gjer si gjerning og blir erstatta. Verden går ikkje av hengslene for det.

Det er sant: Endå eit minne er att. Det er eit par tro-bord (takbord), smale og hoggen med øks. Dei har så mange navarhol at dei må ha vore naglefesta til kanskje både to og tre løer før dei blei spikra fast for 130 år sidan. Så kan kvar og ein tenke seg tilbake i tida.

Den gamle utjordsløa fyllte nok plassen sin til fullnads i gamletida då folk var nøgde når dei hadde mat, klede og eit varmt hus. Kanskje det ikkje er så dumt å sjå litt bakover av og til, og ikkje alltid bare streve for levestandard og luftslott?

Readers comments

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *