Kilde:
Årbok for 1950
2. årgang
Verdal Historielag
Redaktør: Arkitekt Oddmund Suul

Utruleg men sant (Hjelp frå tussefolket)

Av arkivassistent Andreas Myrmo.

Ein husmann oppe i Helgådalen hadde ei sterk tru på at tussane var med og hjalp honom i hans daglege arbeid. Han hevda at det galdt berre om å stella seg slik med tussefolket at ein var til vens med dei. Kom ein derimot på kant med dei underjordiske, kunne dei vera vrange, ja, beint fram gjera ugagn både mot folk og fe.
Ein gong hadde denne mannen vore med kverna i Ulvilla og male. Det vart seint på kvelden før mjølet hans var ferdigt og han kunne ta på heimeveg. Det hadde nyss kome ein klatt med blautsnø så føret var tøvigt og kjelken, som vinters tid var husmennenes transportreidskap den gongen, var tung å dra. Då han kom austom Brekka vart kjelken med eitt så lett, den gikk liksom av seg sjølv, men han torde ikkje snu for å sjå kva det var. Han var nesten viss på at no hadde tussane kome honom til hjalp, og snudde han seg kom han til å skræma dei bort. Han sette difor farten opp, for det galdt å nytta hjelpa medan ein hadde ho. Det tok difor ikkje stort meir enn ein times tid før han var heime og han var glad for at det hadde gått så lettvint med kvernferda hans denne gongen. Men då han snudde seg for å få ein glimt av småkarane i topphuva, som var så flinke til å skuva på lasset hans, vart han lang i andletet, for kjelken og mjølsekken var ikkje med. Det var berre kjelkstauren og den taugstumpen han bruka over aksla, han hadde med seg. Kjelken og mjølsekken fans att straks austom Brekka på den plassen han trudde tussane tok til å skuva.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *