Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Utsira (eller Sira)

Utsira (eller Sira) er ei øy som ligg vest i havet paa lag 2 mil fraa Skaare-landet og fraa nordenden av Karmøy. Det hev alltid vore eit godt fiskevær; i alle bygder i Rogaland syng dei eit voggevers:

Ro, ro til Sira!
Femtan kakor og fira.
Kvar ei kaka vog eit spann;
Daa me kom til Sira-land
Aatte me inkje matagrand.
So rodde me heim u mein bakar,
Kjøpte kringla, stump og kaka.

I Sira hev det ikkje alltid vore so mange folk som no det bur. Naar fiskarar var ute i gamla dagar, kunde dei av og til sjaa ei fager øy vest paa sjøen; men naar dei daa rodde burtaat, kunde dei ingen ting sjaa. Det var trolldoms-magti som gjorde øyi usynlig, maa vite.

Men ein dag var ein mann langt ute paa sjøen og fiska. Daa fikk han sjaa øyi rein og klaar eit stykke ifraa seg. Han drog upp snøret sitt snøggast han kunde, tok méd av land og sette seg til ryggjar og rodde alt til baaten støytte i berget. Snøgt tok han daa eldstaalet som han hadde liggjande paa tofta framfyre seg, og kasta det bak yver hovudet sitt, so han høyrde det singla uppe i steinarne. Daa han so snudde seg og saag, daa laag øyi fast; men hadde han snutt seg og set seg um fyrr han kasta staalet, daa hadde vel øyi sokke ned den gongen og.

Dei som budde paa Sira, var fælt store og sterke; men dei lika ikkje at øyi laag so langt ifraa land. Ein gong var det ein rise som lagde eit tog kringum øyi, og so rodde han med enden inn-yver til Skaare-landet; han var tenkt aa hala øyi innaat fastlandet. Han leita seg ut ein stad som han fekk godt spennetak. Fyrst prøvde han ved Timberhamar; han sette føterne i fjellet og gav seg til aa hala alt det han orka. Men snart saag han at det var raadlaust aa hala øyi inn; for spennetaket vart for veikt. Han trodde so hardt i fjellet at han sokk ned mest til bringa. Holet som han sokk, i, er enno aa sjaa; dei kallar det Preikestolen.

Sidan gjekk han av aat Skaare-skardet, og tenkte han der skulde faa betre tak. Han fekk og tu godt spennetak med den eine foten. So tok han til aa hala av all si magt; men Utsira rørde seg ikkje av flekken. Risen vart harm og tok, endaa betre i; men best som det var gjekk toget av, og risen stupa attyver. Det gav slik druns daa den store tunge karen stupa at det vart eit djupt merke i fjellet der som han vart sitjande. Holet er aa sjaa den dag i dag; ein ser jamvel merke etter ein knapp som han hadde bak i frakken. Paa Utsira ser ein merke etter toget, allvisst etter hegli; det syner ein stad som dei no kallar Hegli.

Soleis vart det ende paa dette balet. Sira vart liggjande der ho hadde lege; men hadde ikkje toget dotte av, so hadde kann henda segni vore lenger.

Andre fortel at det var ein rise paa fastlandet som vilde hala Utsira lenger inn. Han laut alltid dit naar han skulde fiska, og so tykte han det vart for lang veg aa ro att og fram kvar gong han trong noko fisk. Dertil kom at det var mange grunnar paa vegen, so det var vandt aa koma fram, for baaten hans stakk so falt djupt. Men aa faa fiskeværet lenger inn, det magta han ikkje kor stor og sterk han var.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *